Elin Østebø Johansen () er ein norsk diplomat. Ho er den norske ambassadøren til Verdshandelsorganisasjonen (WTO) og EFTA og har vore norsk ambassadør i Uganda.CV Ambassador to WTO/EFTA , Permanent Mission of Norway in Geneva.
Utdanning og karriere Johansen avla i 1985 hovudfag i samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo.. Same år byrja ho å arbeidde for Utviklingsprogrammet til SN (UNDP) på Filippinane. I 1987 blei ho tilsett i Handelsdepartementet, men byrja i januar 1988 i Utanriksdepartementet, der ho har virka sidan. Frå 1991 til 1994 var Johansen stasjonert i Bern. Ho arbeidde deretter i Oslo med handelsspørsmål og i den administrative avdelinga til Utanriksdepartementet før ho i 1998 fyrst blei ambassaderåd, så i 1999 ministerråd, ved den faste delegasjonen til Noreg i Genève. Johnsen fortsette å arbeide med spørsmål knytta til Verdshandelsorganisasjonen og OECD frå 2002 til 2003, då ho som avdelingsdirektør var knytt til avdelinga for handelspolitikk, naturressursar og miljø. I 2006 blei Johansen ekspedisjonssjef for Serviceavdelinga i Utanriksdepartementet. Johansen blei i 2008 utnemnd til den faste representanten for Noreg ved Det europeiske frihandelsforbundet (EFTA) og Verdshandelsorganisasjonen (WTO) i Genève og fekk rang av ambassadør.
I perioden 2013–2014 var Johansen seniorrådgjevar i Utanriksdepartementet i Oslo. I 2014 tiltredde ho som ambassadør til OECD i Paris, og hadde dette embetet til 2018. I 2019 blei ho utnemnd til norsk ambassadør i Uganda.
Utmerkingar I 2009 blei Johansen utnemnd til kommandør av Den Kongelege Norske Fortenesteordenen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Elin Østebø Johansen» frå , den 24. mars 2024.
Kategori:Norske diplomatar Kategori:Norske ambassadørar Kategori:Norske ambassadørar til Uganda Kategori:Den Kongelege Norske Fortenesteorden Kategori:Elevar ved Universitetet i Oslo