Rigmor Dam () er ein færøysk kommunikasjonsrådgjevar, journalist og politikar som representerer partiet Javnaðarflokkurin. Ho var medlem av det færøyske Lagtinget 2011–2019 og 2015–2019.

Familie Dam er dotter av Durita og Bergur P. Dam. Farfaren er den tidlegare, sosialdemokratiske statsministeren Peter Mohr Dam, mens tidlegare statsminister Atli Dam og tidlegare minister Helena Dam á Neystabø, også sosialdemokratar, er høvesvis farbror og kusine. Rigmor Dam er gift med forfattaren , som ho har tre barn med.

Bakgrunn Dam vaks opp i både Tórshavn og København. Ho har studentareksamen frå frå 1991, lærarutdanning frå frå 1998 og årsstudium i journalistikk og samfunnsvitskap fra høvesvis og Roskilde Universitetscenter. Dam underviste i folkeskulen i Tórshavn fram til 2005. Frå 2006 til 2010 var ho journalist ved eit mediehus i Tórshavn, der ho for det meste arbeidde for dagsavisa . I 2010 blei ho tilsett som kommunikasjonsrådgjevar i fagforbundet for offentlege tilsette på Færøyane.

Politisk karriere Dam byrja sitt politiske virke i . Mens ho studerte i København, var ho redaktør i Oyggjaskeggi, eit tidsskrift for færøyske studentar. Ho har hatt styreverv i kvinnerørsla på Færøyene. Dam har vore innvald på Lagtinget sidan 2011. Ho var nestformann i og medlem av frå 2011 og fram til i 2015, då ho blei kulturminister. Ho trekte seg som kulturminister i januar 2019 etter store budsjettoverskridingar ved skuleutbygginga i Marknagil i Tórshavn – det hittil største byggjeprosjektet på Færøyane.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Rigmor Dam» frå , den 27. mars 2024.

Kategori:Færøyske politikarar Kategori:Færøyske ministrar Kategori:Færøyske kulturministrar Kategori:Færøyske lagtingsmedlemmar Kategori:Færøyske journalistar Kategori:Færøyske pedagogar Kategori:Folk frå Tórshavn