Eyðgunn Jana Samuelsen () er ein færøysk lærar og sosialdemokratisk politikar som representerer partiet Javnaðarflokkurin.
Bakgrunn Samuelsen er dotter av Anton og Ann Henriksen i Sørvágur. Ho gjekk i Sørvágur og tok høgare førebuande eksamen (HF) ved i Tórshavn i 1978. Samuelsen er utdanna cand.mag. i statsvitskap og historie frå Roskilde Universitetscenter frå 1992. Ho har vore tilsett som lærar ved den tekniske skulen i Klaksvík sidan 1987, unntatt perioden 2000–2003, då ho var avdelingsleiar for vidaregåande opplæring i . Ho er gift med Jóan Hendrik Svabo Samuelsen, som har vore direktør i den færøyske sosialforsorga.
Politisk karriere Som ung hadde Samuelsen styreverv i ungdomslaget i Sørvágur og dei færøyske studentorganisasjonane. Ho melde seg inn i Javnaðarflokkurin i 1988. Ho var styremedlem ved sjukehuset i Klaksvík 1990–1992 og medlem av den færøyske likningsnemnda 1992–1996. I 1997 blei ho vald inn i .
Samuelsen har vore innvald på Lagtinget sidan 2011, etter å ha møtt fast for minister Helena Dam á Neystabø 2008–2011. Ho har heile tida vore medlem av . Ho var formann i den sosialdemokratiske lagtingsgruppa frå 2011 til ho blei utnemnd til sosialminister i regjeringa til i 2015. Samuelsen gjekk av saman med resten av regjeringa etter valet i 2019. møtte i hennar stad på Lagtinget så lenge ho var medlem av regjeringa. Ved mista Javnaðarflokkurin eitt mandat, og Samuelsen blei 1. vara til Lagtinget.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Eyðgunn Samuelsen» frå , den 28. mars 2024.
Kategori:Færøyske politikarar Kategori:Færøyske ministrar Kategori:Færøyske sosialministrar Kategori:Færøyske lagtingsmedlemmar Kategori:Færøyske statsvitarar Kategori:Færøyske pedagogar Kategori:Personer frå Sørvágur