Djamila Bouhired () er ein algerisk nasjonalist, kvinneaktivist og tidlegare medlem av den algeriske nasjonale frigjeringshæren.
Liv og virke Bouhired blei fødd inn i ein middelklassefamilie. Faren hennar var algerisk og mora hennar tunisisk, og ho var den einaste dottera blant sju søner. 20 år gammal blei ho engasjert i den algeriske frigjeringsrørsla (FLN) og den væpna fløya i rørsla, (ALN), som kjempa mot det franske koloniregimet.
Den algeriske frigjeringskrigen miniatyr|Frå venstre: , , Djamila Bouhired og . Frå 1954 arbeidde Bouhired som kontaktperson og personleg assistent for FLN-kommandøren . Brørne hennar var også engasjert i frigjeringskampen.
Bouhired blei eit ikon for den algeriske frigjeringskampen etter at ho blei kjend for å ha planta bomber langs vegane dei franske okkupasjonsstyrkane brukte.
Rettssak og dom I 1957 blei Bouhired tiltalt og dømd til døden for å ha planta bomber i franske restaurantar rundt den algeriske hovudstaden Alger. Rettssaka fekk mykje publisitet, og Bouhired blei ein . Ein internasjonal kampanje resulterte i at dommen blei gjord om til livsvarig fengsel. Det var under denne rettssaka at den franske stjerneadvokaten utvikla sitt «defense de la rupture», å forsvare gjennom å angripe eit urettferdig lovverk og setje påtalemakta på tiltalebenken. Vergès var sjølv innbiten motstandar av den franske kolonialismen, konverterte til islam og blei algerisk statsborgar.
Tida etter Algeriekrigen Etter at Algeriekrigen blei avslutta i 1962 blei Bouhired lauslaten. Bouhired og Vergès gifta seg i 1965 og fekk to barn saman. Dei blei skilt i 1970.
Bouhired har seinare markert seg som kvinnesaksforkjempar i heile den arabiske verda.
Våren 2019 spelte Bouhired ei aktiv rolle i demonstrasjonane som kravde at Abdelaziz Bouteflika skulle gå av som president i Algerie. Det vekte særleg oppsikt at ein av dei tidlegare allierte til Bouteflika frå FNL gjekk inn for å kaste den aldrande presidenten.
I kulturen Djamila Bouhired blei skildra i filmen Jamila, the Algerian (1958) av den egyptiske regissøren .Movie Database: Djamila (1958) Ho var ein av tre kvinnelege geriljakrigarar som blei skildra i filmen (1966)Movie Database: Kampen om Algerie (1966) Ho spelar også ei sentral rolle i dokumentarfilmen Djevelens advokat (2007) om Jacques Vergès.Movie Database: L'avocat de la terreur (2007)
I 1959 skreiv den libanesiske songaren låta «Lettre à Djamila» om Bouhired.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Djamila Bouhired» frå , den 30. mars 2024.
Kategori:Algeriske politikarar