Fanny Margaretha Basilier Aavatsmark MacTaggart (1899–1981) var ein norsk-skotsk journalist.

Liv og virke MacTaggart var dotter av den norske generalen og forsvarsministeren Ivar Aavatsmark og den finlandssvenske songerinna Ida Flodin. Ho blei fødd i Helsingfors i Finland og vaks opp i Kristiania (Oslo) og Trøndelag.

MacTaggart studerte kunst, musikk og språk i Kristiania og København, deretter i Frankrike, der ho byrja å skrive for norske og finske aviser.

I 1937 gifta ho seg med den skotske kunstmålaren William MacTaggart (1903–1981), og dei busette seg i Edinburgh. Ho var korrespondent for Aftenposten i mange år. Under den andre verdskrigen arbeidde ho for den norske avdelinga i BBC, og frå 1942 til 1946 leia ho informasjonskontoret til den norske regjeringa i Skottland.

Utmerkingar MacTaggart blei tildelt St. Olavsmedaljen i 1947 og utnemnd til ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1964. Mannen hennar blei adla som riddar av dronning Elizabeth II i 1962, og ho førte deretter den britiske tittelen lady.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Fanny Aavatsmark MacTaggart» frå , den 31. mars 2024.

Kategori:Norske journalistar Kategori:Journalistar i Aftenposten Kategori:Norske journalistar under andre verdskrigen Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Nordmenn fødde i Finland Kategori:Folk frå Oslo