Glen Daly (fødd som Bartholomew Francis McGovern McCann Dick, ) var ein skotsk songar og underhaldar.
Karriere Daly var fødd i Calton i Glasgow, der han gjekk på St Mary's School. Etter å ha fullført utdanninga si byrja han arbeida ved skipsverfta langs elva Clyde.
Daly byrja scenekarrieren sin som partner av Lex McLean. Han var ein samtidig av Andy Stewart og The Alexander Brothers.
Songen han er best kjent for er «The Celtic Song», som framleis blir spelt ved byrjinga av heimekampar for Celtic FC. Daly turnéar mykje, og er truleg best kjend for å ha spelt opp ved BBC Scotland sitt program The White Heather Club og i mange pantomimeførestillingar ved Pavilion Theatre i Glasgow, der han òg ofte spelte i varietetshow.
«The Celtic Song» blei nytta i det amerikanske TV-programmet Lost.
Diskografi
Glasgow Night Out (Pye Golden Guinea, 1971) – UK No. 28 The Very Best of (Live from the Ashfield Club) Legends of Scotland The Very Best of Glen Daly
Singlar
«The Celtic Song»
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Glen Daly» frå , den 3. april 2024.
Kategori:Musikarar frå Glasgow