Annie Leclerc (, eigentleg Anne-Marie LeclerÉtat civil trouvé dans la base MatchId des fichiers de décès en ligne du Ministère de l'Intérieur avec les données INSEE (consultation 4 mai 2020)) var ein fransk litterær person. Ho var lærar av yrke, og blei kjend for å ha stått fram for feminist aktivisme og engasjement for saka til fangar.
Biografi Annie Leclerc var fødd i ein familie med humanistiske tradisjonar.Quatrième de couverture, i A. Leclerc, L'Amour selon Mme de Rênal, s. 9, Actes Sud, Arles, 2007 . Ho vaks opp i Sceaux og mistreivst i det småborgarlege miljøet i det landlege Limousin.N. Huston, « L'amour en guise de conclusion », i A. Leclerc, L'Amour selon Mme de Rênal, s. 9, Actes Sud, Arles, 2007 . Ho gjekk på vidaregåande ved ved Lycée Marie Curie og studerte så filosofi ved Sorbonne. Ho gjekk ut i 1963 og blei utnemnd til professor i filosofi etter gjennomført lærarutdanning (CAPES).
Leclerc kjempa for kvinner sine rettar frå ung alder. I 1971 skreiv ho under på Le manifeste des 343, som kravde tilgang til fri abort, i lag med kvinner som meldte at dei sjølv hadde utført abort i Le Nouvel Observateur. I 1974 blei ho kjend for boka Parole de femme.R. de Ceccatty, « Annie Leclerc, philosophe. », i Le Monde, Paris, 20. oktober 2006.
I 1975 avslutta ho karrieren som lærar for å skriva på fulltid. Ho samarbeidde med ulike magasin, som Les Temps Moderne. Frå 1979 underviste ho igjen, ikkje lenger filosofi, men skriftleg og munnleg uttrykksteknikk ved IUT i Sceaux. 3. oktober 1979 tok mannen hennar, den marxistiske teoretikaren Nicos Poulantzas, livet av seg ved å kasta seg frå toppen av Tour Montparnasse i Paris, og etterlét henne åleine med dottera deira, ni år gamle Ariane Poulantzas. Annie Lelerc skapte eit nytt liv med Paul Aïm,N. Huston, « L'amour en guise de conclusion », in A. Leclerc, L'Amour selon Mme de Rênal, s. 7, Actes Sud, Arles, 2007 . ein filosof frå Mostaganem i Algerie.
Frå 1970-talet til 1990-talet heldte Leclerc skriveverkstad i fengsel i Paris-regionen kvar veke. I sine eigne bøker fordømde ho vald og den kontraproduktive karakteren til fengsel, den vonde sirkelen med tilbakefall til kriminalitet i eit system som har straff som prinsipp, og eit system som skil kriminelle frå resten av menneskeja.
Ho døydde sekstiseks år gammal av ein sjukdom med dødeleg utgang som ho fekk kjennskap til tidleg nok til ho kunne byrja skriva eit testamenteverk,N. Huston, « L'amour en guise de conclusion », i A. Leclerc, L'Amour selon Mme de Rênal, s. 8, Actes Sud, Arles, 2007 . men ikkje tidleg nok til at ho kunne fullføra det: L'Amour selon Mme de Rênal. Ho er gravlagd ved Cimetière du Montparnasse. Eit år etter at ho døydde, i 2007, gav veninna Nancy Huston ut Passions d'Annie Leclerc på Actes Sud.« Passions d'Annie Leclerc », Actes Sud, Arles, 2007. Sambuaren hennar Paul Aïm døydde åtte år seinare, den 25. februar 2015.
Verk
Le Pont du nord, coll. Blanche, Gallimard, Paris, 1967, 224 p., roman. Parole de femme, Grasset, Paris, 1974, 200 s., gjenutgjev. coll. Babel, Actes Sud, Arles, 2001, 208 s. Épousailles, Grasset, Paris, 1976, 200 s. Au feu du jour, Grasset, Paris, 1978, 192 s. Hommes et femmes, Grasset, Paris, 1985, 224 s. Le Mal de mère, Grasset, Paris, 1986, 168 s. Origines, Grasset, Paris, 1988, 280 s. Clé, Grasset, Paris, 1989, 80 s. Exercices de mémoire, Grasset, Paris, 1992, 256 s. Toi, Pénélope, Actes Sud, Arles, 2001, 240 s. . Eloge de la nage, Actes Sud, Arles, 2002, 96 s. . L'enfant, le prisonnier, Actes Sud, Arles, 2003, 224 s. .
Posthume utgjevingar
Préf. N. Huston, L'Amour selon Mme de Rênal, coll. Un endroit où aller, Actes Sud, Arles, octobre 2007, 70 p. . Préf. N. Huston, Paedophilia ou L'amour des enfants, Actes Sud, Arles, 2010, 144 p. .
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Annie Leclerc» frå , den 6. april 2024.
Kategori:Franske forfattarar Kategori:Franske feministar Kategori:Forfattarar frå 1900-talet Kategori:Forfattarar frå 2000-talet