Zuzana Čaputová ( som Strapáková) er ein slovakisk jurist og politikar. Ho var president i Slovakia frå 15. juni 2019 til 15. juni 2024. Ho har vore miljøaktivist i mange år, og har tidlegare vore advokat. Čaputová stilte til val for det liberale partiet Progresívne Slovensko, og fekk 58,4 % av røystene i presidentvalet. Čaputová var den fyrste kvinna til å verta vald til embetetet, og som 45-åring den yngste slovakiske presidenten nokon gong.
Liv og virke Bakgrunn Čaputová vart fødd i Bratislava i det tidlegare Tsjekkoslovakia. Ho studerte juss ved Comenius-universitet i Bratislava, og vart uteksaminert i 1996. Ved sida av jusstudia yrkte ho i kommunalforvaltninga i Pezinok.
Frå 1998 yrkte Čaputová som prosjektleiar og med utvikling av lokalsamfunn. I 2001 byrja ho å yrkja for Via Iuris, ein organisasjon som gjev juridisk bistand for å hjelpa folk med å forsvara rettane sine og taka del i offentlege avgjerder.
I 2017 forlét ho Via Iuris for å yrkja vidare som advokat med særleg tanke på miljøsaker. Čaputová er med i nettverket Environmental Law Alliance Worldwide (ELAW).
Politikar Čaputová har arbeidd for å få oppheva amnestia Vladimír Mečiar innvilga då han var president i 1990-åra. Ho har markert seg som miljøforkjempar, fyrst og fremst ved motstand mot ei søppelfylling i Pezinok.«Anti-graft campaigner wins first round of Slovak presidential vote», Reuters, 17. mars 2019. Vitja 17. mars 2019. For denne innsatsen vart ho i 2016 tildelt Goldman Environmental Prize.«Zuzana Čaputová.2016 Goldman Prize Recipient. Europe», Goldman Environmental Foundation. Vitja 17. mars 2019.
I 2018 tok ho del i det fyrste landsmøtet i det nystifta liberale partiet Progresívne Slovensko. Ho vart vald som ein av fleire nestleiarar.«Newly launched Progressive Slovakia aims for 20 percent of the vote in the next election», Slovak Spectator, 22. januar 2018. Vitja 17. mars 2019. Čaputová nemnde i samband med dette utdanning og helsevesen som hovudsakene sine, men også miljøvern og justispolitikk. I tillegg er kampen mot korrupsjon ei viktig sak for henne.
I 2019 stilte ho som kandidat i presidentvalet. Čaputová fekk 40,5 % av røystene i fyrste valomgang, mot rivalen Maroš Šefčovič med sine 18,7 %. Dei to gjekk vidare til andre og avgjerande valomgang 30. mars.«Čaputová vs. Šefčovič: Presidential election is now narrowed down to two candidates», Slovak Spectator, 17. mars 2019. Lest 17. mars 2019. Čaputová sitt kandidatur fekk støtte frå avtroppande president Andrej Kiska. Ho vann omsider andre valomgang med 58,4 % av røystene.
Čaputová tiltredde som president 15. juni 2019. Ho var den fyrste kvinnelege og yngste presidenten nokon gong i Slovakia.
Merknadar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Zuzana Čaputová» frå , den 7. april 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå Bratislava Kategori:Slovakiske presidentar Kategori:Første kvinnelege stats- og regjeringsleiarar