Indore (devanagari ) er ein by i India som ligg i delstaten Madhya Pradesh. Indore er den største byen i delstaten, og hadde innbyggjarar i 2018. Byen ligg ved sørkanten av Malwa-platået, med ei gjennomsnittleg høgd på 553 moh. Han ligg 190 km vest for delstatshovudstaden Bhopal. Byen har ein del bomulls-, sement- og papirindustri. Det finst også mange vakre palass her.
Namn Gupta-inskripsjonar nemner ein «Indrapura». Ein trur byen har namn etter Indreshwar Mahadev-tempelet, som er vigd guden Indra.
Historie Indore blei grunnlagd på 1700-talet av av mahratta-offiseren Malhar Rao Holkar. Byen var hovudstad for Fyrstestaten Indore under Holkar-slekta frå 1818 til 1948. I 1818 kom byen under britisk kontroll. Frå 1948 til 1956 var byen sommarhovudstad i delstaten Madhya Bharat.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Indore» frå , den 13. april 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Madhya Pradesh Kategori:75°E Kategori:22°N