Selje er ein tidlegare norsk kommune i Nordfjord. Kommunen var den som låg lengst nordvest i Sogn og Fjordane fylke. Området bestod av Selje, Stadlandet og Flatraket, som har fire skulekrinsar: Selje, Leikanger, Flatraket og Ytre Stad. 1. januar 2020 vart han slegen saman med Eid til Stad kommune.

mini|venstre|Nokre naust ved Selje kyrkje Kommunikasjon Snøggbåtsambandet nordover frå Bergen har endestad her. Stadhavet er rekna som eit av dei mest vêrharde havstykka langs kysten av Noreg. Det er difor planar om å byggje skipstunnel mellom Kjødepollen og Moldefjorden.

Næring Selje har den største fiskeflåten i fylket og ein godt kjend plastbåtindustri.

Reiseliv Selje og Stadthalvøya eignar seg veldig godt til vandring og naturopplevingar året rundt. Det er kort veg frå fjøre til fjell, og eit lett fint terreng å vandre i. Kjende kulturminne er det mange av. Dragseidet, med bl.a. kristningsstad, Ervik med St.Svithun og krigsminne, dei finn ein og på Storeneset og Vestkapp. Selje kloster har Norges best bevarte klosterruinar, og lange pilgrimstradisjonar.

Lag, organisasjonar og aktivtetstilbod Aardalens Venner Sunnivakoret Stadlandet Gospelkor Frisk Bris Dråps Stadlandet Ungdomslag Barmøy bygdalag Stad surfing Bygdekinoen Flatraket idrettslag Selje idrettslag Stadlandet idrettslag Speidaren Selje skulekorps Stadlandet skulemusikk Flatraket skulekorps

Historie Selje kloster på vestsida av Seljeøya er truleg den eldste kristne heilagstaden i Noreg. Det er det einaste norske klosteret som både var helgenstad, kloster og bispesete. Legenda fortel om den irske kongsdottera Sunniva, som saman med ein liten flokk rømde Irland då ein vikinghøvding ville gifte seg med henne. Ho vart seinare utropa til helgen som Sankta Sunniva. Olav Tryggvason bygde ei kyrkje her i 996. Noreg vart delt inn i bispedømma Selje, Nidaros og Oslo i 1068.

Folketalsutvikling Folketalsutvikling for Selje kommune frå 1920: 1.12.1920Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921) 1.12.1930Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950) 3.12.1946 1.1.1951Folkemengd i Selje 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå 1.1.1961 1.1.1971 1.1.1981 1.1.1991 1.1.2001 1.1.2010 3622a 3591a 3634a 3680a 3729a 3393 3376 3255 3064 2821 a Talet omfattar øya Silda, Hagevik-Osmundvåg-området og Sørpoll, som var del av Selje kommune fram til 1964, då desse områda vart overførte til Vågsøy kommune. Dei hadde då 344 innbyggjarar.

Kjende folk frå Selje kommune St. Sunniva, ifølgje soga Claus Frimann (1746–1829), diktarprest Julius Cæsar Hartmann (1885–1969), kunstmålar Wald Drageseth (1920–1994), industrimann, hotellmann og politikar Reidar Djupedal (1921–1989), professor i nordisk språk og litteratur Lars Barmen (fødd 1963), kokk :Bernt Tunold (1877-1946), kunstmålar The Pink Robots Band

Galleri

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Selje kommune Selje info

Kategori:Nordfjord

Kategori:Tidlegare kommunar i Sogn og Fjordane Kategori:Stad kommune Kategori:Norske kommunar skipa i 1838 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 2020