thumb|Frisa på Parthenon er dorisk og består av metopar og triglyfar.

Innan arkitektur er ei frise det midterste feltet i entablaturet (det øvre horisontale bjelkelaget i klassisk gresk arkitektur som består av arkitrav, frise og karnis). Frisa kan vere slett eller dekorert; i jonisk orden og korintisk orden kan frisa vere dekorert med bas-relieff, og i dorisk orden er frisa dekorert med triglyfar og metopar. Frisa ligg over arkitravet (det nederste glatte feltet i entablaturet).

Ordet «frise» blir også brukt på veggfelt i eit rom som er over ei rekkje med bilete, og på horisontale felt med måla eller modellerte dekorasjonar plassert på veggen over augehøgde.

Sjå òg

Entablatur Triglyf Metope

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Frise» frå , den 14. april 2024. oppgav denne kjelda: Ahlstrand, Jan Torsten.; Arkitekturtermer. Lund: Studentlitteratur, 1976, ISBN 91-44-02852-0

Kategori:Klassisk arkitektur Kategori:Bygningsdetaljar