La bohème er ein italiensk opera i fire akter av Giacomo Puccini, komponert i 1896. Handlinga går føre seg i Paris kring 1830. Operaen blei uroppført 1. februar 1896 på Teatro Regio i Torino i Italia under leiing av Arturo Toscanini. Librettoen var skriven av Giuseppe Giacosa og Luigi Illica etter ein roman av Henri Murger: La Vie de Bohème.
Handlinga går føre seg i kunstnarkrinsar i Paris seint på 1800-talet. Dei berande rollene er diktaren Rodolfo (tenor), syaren Mimi (sopran), målaren Marcello (baryton), musikaren Schaunard (baryton), filosofen Colline (bass) og den tidlegare songaren Musetta (sopran).
Allereie i fyrste akt får tilskodarane oppleva tre av dei største nummera innan opera: «Che gelida manina» (Rodolfo), «Si mi chiamano Mimi» (Mimi) og «O soave fanciulla» (Rodolfo og Mimi).
Rockemusikalen Rent er ei moderne tolking av La bohème.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «La bohème» frå , den 16. april 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Italienskspråklege operaer Kategori:Giacomo Puccini Kategori:Kultur i 1896 Kategori:Operaer frå 1800-talet