«Verona» er ein song frå 2017 av Koit Toome og . Songen vann den estiske songtevlinga og var det estiske bidraget til Eurovision Song Contest 2017 i Kyiv.
Om songen «Verona» er skriven av Sven Lõhmus, som tidlegare hadde skrive dei estiske Eurovision-bidraga «» (2005), «Rändajad» (2009) og «Rockefeller Street» (2011). Songen blei til etter at Lõhmus hadde vore ein tur i den italienske byen Verona. Songen er også blitt skildra som «ei moderne tolking av Romeo og Julie».
«Verona» var eitt av 20 bidrag i den estiske songtevlinga , arrangert av kringkastaren (ERR). «Verona» kvalifiserte seg frå semifinalen 21. februar og vann seinare finalen 4. mars 2017 i Saku Suurhall i Tallinn. Gjennom sigeren ble «Verona» det estiske bidrag til Eurovison Song Contest.
Eurovision Song Contest I januar 2017 blei Estland trekt til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen blei arrangert i International Exhibition Centre i Ukraina torsdag 11. mai, og Estland hadde startnummer 16. «Verona» enda på 14. plass i semifinalen, og kvalifiserte seg dimed ikke til finalen laurdag 13. mai.
Listeplasseringar Liste (2017) Høgasteplassering (Radiomonitor) 1
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Verona (Koit Toome og Laura-sang)» frå , den 28. april 2024.
Kategori:Estiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2017-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar