1. divisjon i handball 1980/81 for kvinner var den øvste avdelinga i seriesystemet for kvinner, arrangert av Norges Håndballforbund. Seriemeisterskapen omfatta 12 lag og vart avvikla tida frå 13. september 1980 til 1. mars 1981.
Skogn Idrettslag frå Nord-Trøndelag forsvarte seriemeistertittelen. Laget tapte den fyrste seriekampen, sidan sigra trønderkvinnene i samtlege seriekampar. Som året før var Marit Breivik og Sissel Brenne Buchholdt dei store framgrunnsfigurane i Skogn-laget. Gerd Bjørnaas, Annepetra Jenssen, Brit Marit Leine, Randi Eriksen og Eli Brenne bidrog sitt til ein suveren serietriumf.
Poengtabell Plass Lag Kampar Målskår Poeng 1 Skogn IL 22 342-242 42 2 Skjeberg SK 22 333-277 34 3 Nordstrand IF 22 303-270 30 4 Sverresborg IF 22 269-257 25 5 Bækkelaget SK 22 301-306 24 6 Vestar 22 295-245 22 7 Kraby/Starum 73 22 268-280 22 8 Brandval IL 22 237-262 17 9 Stabæk IF 22 230-277 17 10 Freidig 22 259-318 12 11 Kjelsås IL 22 240-286 11 12 Os Turnforening 22 268-324 8
Kjelder Sportsboken 81-82. Dreyer Bok Stavanger. 1981.
Kategori:Sport i Noreg i 1981 Kategori:Handball i Noreg