Sportsklubben Rapid var frå 1931 til 2011 eit idrettslag i Moss i Østfold.
Rapid var eit lag tilslutta Arbeidernes Idrettsforbund. Laget slo seg i 1937 saman med Moss Arbeideridrettslag (stifta 1925). Dei fyrste åra stod fotball og boksing i fyrste rekke. Etter 1945 kom også sykling, symjing og kappgang på programmet.
Fotballaget til Rapid deltok fire sesongar i Hovudserien i fotball. Fyrst frå 1955 til -57, og deretter frå 1959 til 1961. Seinare i 1960-åra ramla Rapid ned til 3. og 4. divisjon.
I 2011 vart sportsklubben Rapid oppløyst. Dei aktive gjekk saman med utøvarar i kvinnelaget Athene Moss og skipa det nye laget Rapid Athene.
Kjelder
Moss Dagblad 22. august 1985 Denne artikkelen bygger på «Sportsklubben Rapid» frå , den 11. mai 2024.
Kategori:Idrettslag i Moss Kategori:Idrettslag skipa i 1931 Kategori:Nedleggingar i 2011