mini|Amerikansk badedrakt for kvinner frå 1920-talet. Badetøy er klede som er utforma for å brukast av folk som gjer noko ved vann eller vassport, som bading, symjing, dykking eller surfing, eller solorienterte aktivitetar som soling. Det finst fleire ulike typar badetøy til bruk av menn, kvinner og born.
Badetøy kan brukast som underklede til aktivitetar som til tider krev bruk av våtdrakt eller tørrdrakt som symjing i kaldt vatn, vasski, dykking, surfing og wakeboarding. Ein kan òg bruka kleda til å vise fram dei fysiske eigenskapane til brukaren, som i tilfelle venleikstevlingar, kroppsbygging eller til glamourfotografi og i magasin som det årlege Sports Illustrated Swimsuit Issue, som viser modeller og sportspersonlegdommar i badetøy.
Det finst ei rekkje ulike former for badetøy i dag som kan variera mykje innan dekkeomfang og og materiale. Val av stil kan vera avhengig av mote, lokale normer for tildekking og personlege preferansar. I tillegg speler bruksområde ei rolle, til dømes om ein skal bruka tøyet til eit passivt høve som å sola seg eller til ein aktivitet som surfing eller symjing. Badetøy dekkjer som regel alltid skrittet til brukaren, og kan også dekka delar av føtene, torsoen og armane. For menn dekkjer badetøy i dag vanlegvis underkroppen, medan overkroppen er bar. For kvinner er det vanleg at han dekker delar av overkroppen, i det minste brystvortene. Badehette er ei form for badetøy for hovudet som dekkjer håret.
Materiale mini|portrett|Badedrakt i ull frå 1870-talet.
Tradisjonelt har ein nytta naturmateriale som ull til å laga badetøy. På 1920-talet tok ein i bruk kunstfiberet rayon til å laga tettsitjande badetøy, men haldbarheita, særleg når tøyet blei vått, viste seg å vera problematisk. Jerseystoff og silke var òg ein del brukt.
På 1930-talet blei det utvikla nye materiale som blei brukte til badetøy, særleg latex og nylon, og kleda byrja gradvis å bli meir tettsitjande. Dette gjaldt særleg badetøy for kvinner.
På 1960-talet blei elastan (Spandex, Lycra) brukt til badetøy, vanlegvis kombinert med nylon, for å få tøyet til å sitja godt på kroppen. Spandex er likevel ikkje særleg sterkt eller haldbart, særleg i vatn tilsett klor, som i basseng og boblebad.
Polyester er blitt stadig meir vanleg som eit haldbart, lett tekstil til badetøy, sjølv om det ikkje er så strekkbart som elastan.
Nokre verksemd har byrja å fokusere på resirkulert materiale til å laga badetøy. Dei arbeider med selskap som nyttar fiskenett, nylonavfall og plast sanka inn frå kystområde,vassvegar og kystsamfunn til å laga tekstilkomponentar.
Variantar og stilar alt=Hoppande jente i rosa og oransje badedrakt|mini|I motsetnad til blått, grått og kvitt er neonrosa og neonoransje svært synlege fargar under vatn. I vestleg kultur er kortbukser til underkroppen utbreidde som badetøy for menn, med variantar som boardshorts, jammers, badeshorts og badebukser i ulike uformingar, medan vanleg badetøy for kvinner er badedrakt som dekker torsoen eller todelte bikiniar.
Ei nyleg nyskaping er såkalla burkini, som særleg blir nytta av nokre muslimske kvinner, som dekker heile kroppen og hovudet (men ikkje ansiktet) på ein måte som liknar våtdrakta til ein dykkar. Dette er ein oppdatert versjon av den heoldekkande badedrakta ein nytta i tidlegare hundreår, som følgjer tradisjonelle muslimske krav til tildekking av kroppen. Ein liknande drakt med tildekking av hals, erme og bein med bukser og eit lite skjørt er blitt kalla «sjaria-badedrakt» i Egypt.
Fargen på badetøyet kan påverka tryggleiken til badaren. Blått, kvit eller grått badetøy kan vera nær usynleg når symjaren er under vatn, og kan gjera det vanskelegare for ein livreddar å få auge på ein person som er i fare for å drukna. Dei mest synlege klesfargane under vatn har store, solide blokker av sterke neonfargar, som neonrosa eller neonoransje. Einsfarga neonfargar er meir synlege enn raudt eller fleirfarga badetøy. NamnBildeSkildringDrag suit133x133pkBadebukse som gjev symjaren meir motstand i vatnet. Blir nytta av konkurransesymjarar for å få meir ut av treninga.Tørrdrakt100x100pkTørrdrakt isolerer brukaren i høve til vatn og temepratur, og kan nyttast av dykkarar, båtfolk, dei som driv vassport og andre som har arbeid eller fritid i og nær kaldt eller ureina vatn. Ei tørrdrakt vernar vanlegvis heile kroppen bortsett frå houvd, hender og av og til føter. Det finst også drakter som også vernar desse områda til bruk i farlege situasjonar.Racing suits100x100pkBadedrakter laga av teknologisk avansert stoff som kan vera biomimetiske (apar naturen, som den rue huda til ein hai som reduserer motstand kring viktige delar av kroppen). Finst i mange utformingar.Rash guard100x100pkSkjort laga av elastan og nylon eller polyester, nytta forå verna mot irritasjon eller sol. Kan nyttast i staden for våtdrakt i varmare vêr.Slingbikini 100x100pkSlingbikini er ei drakt som dekker omtrent same område som ein bikini. Underdelen blir halden oppe av stoff som går opp til nakken. Våtdrakt100x100pkVåtdrakt er ei isolert, tettsitjande drakt som kan brukast til langvarig neddykking til aktivitetar som snorkling, apparatdykking, surfing og andre typar brettsport. Dei er laga av neopren, og har ulike tjukkleikar og stilar. Ei våtdrakt heldt brukaren varm ved å fanga eit tynt vasslag nær huda som blir varma opp til kroppstemperatur.
Badetøy for kvinner NamnBildeSkildringBikini100x100pkEit stykke dekker brystet og eit stykke dekkjer skrittet, med eit udekt område imellom. Det finst mange variasjonar i utforming.Burkini178x178pkDrakt som dekkjer heile kroppen bortsett frå hender og føter. Kan ha ei hette som dekkjer hovudet, men ikkje fjeset. Laga av vanleg badedraktmateriale, i ei utforming liknande ei våtdrakt. Plagget er ofte rekna som ei religiøs drakt, men kan også brukast for å hindra fare for hudkreft eller av folk som ønskjer å dekkja seg til meir enn det som er vanleg med badetøy.First Woman's Athletic Swimming Costume155x155pkAnnette Kellerman kring 1905.Monokini150x150pkMonokini, også kalla «topplaus bikini» eller «unikini», har ei tettsitjande bukse og to tynne stroppar.Badedrakt166x166pkEit einskild plagg som dekkjer heile torsoen.Tankini138x138pkEi stykke dekkjer bryst og mage (som ein tanktopp), den andre dekker rumpa. Anne Cole (1926–2017) fann opp tankinien i 1998.Tanktopp og bukse148x148pkGertrude Ederle, olympisk gullmedaljevinnar og den fyrste kvinna til å symja på tvers av Den engelske kanalen. Tanktopp over symjebuks held buksene på plass under symjing.
Badetøy til menn NamnBildeSkildringBoardshorts alt=Boardshorts|218x218pk|SkjortaBoardshorts er ein lengre versjon av badeshorts som kjem til eller forbi kneet. Dei har vanlegvis eit ikkje-elastisk midjeband, og dei passar godt rundt torsoen. Boardshorts blei opphavleg utvikla til ulike typar brettsport som surfing, paddleboarding og vakenboarding.Jammer190x190pkEin type badekjorts til menn som hovudsakleg blir brukt av utøvarar til tevlingar, liknar sykkelshorts eller kompresjonsshorts.Badebukse med kvadratisk kutt290x290pkEin svømmestøy stil som liknar badbruks, men med ein meir konservativ skera. Dei kan sammenlignast med boksarbrør, men med nylon/spandex komposit eller polyestervekt.Badebukse268x268pkBadebukser, ofte av ull og haldne på plass med eit kanvasbelte i militær stil ved midja, går tilbake til 1930-talet. Ein versjon i nylon, utan belte, blei lansert ved OL i Melbourne i 1956 av Speedo. Svimbrør er no ofte laga av nylon og spandex, medan nokre langvarige drakt er laga av polyester. Stilen varierar frå fullseting til tung eller g-string. Dei fleste badbruksar har ein beige eller vit kant på innsida framfor, som er laga av eit liknande stoff.Tanktopp og bukse403x403pkDuke Kahanamoku, surfar, i 1920Badeshorts249x249pkBadeshorts er gjerne lause kortbukser som når ned til midten av låret, laga av polyester eller nylon. Dei har polyesterlinning.
Dekkingsgrad Badetøy kan vera tettsitjande eller laust. Dei blir ofte dekket med eit anna lag av tyg dersom det ytre tøyet blir gjennomsiktig når det er våt.
Kleda varierer frå design som nesten dekker heile kroppen til design som viser fram nesten heile kroppen. Val av badetøy blir fyrst og fremst bestemt av aktiviteten ein skal bruka det til, frå små, strame bukser for menn til konkurransestuping og vasspolo til boardshorts for surfing; sjølv om kvinner ironisk nok gjerne bruker badedrakt til konkurransestuping og bikini til konkurransesurfing. Andre faktorar er personlege og samfunnsmessige normer for tildekking og framsyning avhengig av staden og den sosiale situasjonen, kor mykje solvern ein ønskjer og den gjeldende klesmoten. Nesten alle klede til bading dekker intime kroppsdelar, inkludert kjønnsorgan og kjønnshår, medan dei fleste bortsett frå stringklede dekker dert meste eller heile rumpeballen.Suzy Menkes, "Runways: Remembrance of Thongs Past ", The New York Times, July 18, 1993
Dei fleste typar badetøy i vestleg kultur lar minst hovudet, skuldrene, armane og den nedre delen av beina (under kneet) vera udekka. Badetøy for kvinner dekkjer som regel minst brystvorta og nedre delen av brystet.
Både menn og kvinner kan til tider ha på seg badetøy som dekker meir av kroppen når dei sym i kaldt vatn (sjå òg våtdrakt og tørrdrakt). I kaldare temperaturar er det naudsynleg å nytta visse typar badetøy for å halda på kroppstemperaturen og verna mot hypotermi.
Badetøy til konkurransar Badetøy til konkurransar er klede og anna utstyr ein kan nytta til idrettar som konkurransesymjing, stuping, synkronsymjing, triatlon og vasspolo.
Nokre badedrakter er spesielt utforma til bruk i symjekonkurransar der dei kan vera laga av stoff med særskilt låg motstand slik at motstanden mot huda i vatnet blir redusert. Til visse typar symjing og stuping kan ein nytta særskilde kroppsdekkande drakter kalla diveskin. Desse draktene er laga av elastan og gjev lite varmeisolasjon, men dei vernar huda mot stikk og slitasje.
I motsetnad til vanlege badedrakter, som hovudsakleg er utforma med estetiske omsyn, er badedrakter som er laga til konkurransar laga for å hjelpa utøvaren. Dei reduserer friksjon og motstand i vatnet, noko som aukar effektiviteten til symjaren si rørsle framover. Den strame passforma tillèt og enkel rørsle, og skal visstnok redusere muskelvibrasjon, noko som igjen reduserer motstand.
Frå rundt 2000 er det gjort forsøk på å gjera badetøy til konkurransesymjing meir effektivt ved å finna inspirasjon i huda til dyr som lever i havet, som haiar.
I juli 2009 tok FINA ei avgjerd om å forby badetøy som ikkje var av tekstil (vovne) i tevlingar frå 2010. Dei nye reglane blei sett i verk for å kjempa mot problem knytte til prestasjonsfremjande badedrakter, som hindra evna til å måla den faktiske prestasjonen til symjarane nøyaktig. Dei slo også fast regelen at badedrakter for menn maksimalt kunne dekka området frå navlen til kneet, og for kvinner frå skuldra til knea.FINA bans hi-tech suits from 2010 BBC, 31 July 2009
Nokre symjarar brukar ei spesialisert treningsdrakt kalla dragsuit for å auke motstand under trening på kunstig vis. Dragsuits har eit ytre lag av lausare stoff - ofte netting eller nylon - for å auka motstanden i vatnet og byggja opp uthaldet til symjaren. Dei finst i ulike stilar, men dei fleste liknar ei lausare badebukse.
mini|Den olympiske gullmedaljevinnaren i symjing Tyler Clary frå USA, i badebukse og Michelle Bremer frå New Zealand i badedrakt, 2012
Badetøy og hygiene Bakteriar og mugg kan veksa raskt på våte badedrakter. Medisinske fagfolk advarer om at å ha på seg fuktig badetøy i lange periodar kan føra til ei rekkje infeksjonar og utslett hjå born og vaksne. Dei åtvarer om å ikkje dele badetøy med andre. Å ikkje vera lenge i vått badetøy kan hjelpa til å førebygga vaginale infeksjonar og kløe.Nyirjesy and Bayer Vaginal yeast infection , Drexel University College of MedicineVaginal itching . Medline articleJock Itch Crutchfield Dermatology