Ossian er ei skotsk folkemusikkgruppe danna i 1976.
Den opphavlege samansetjinga av gruppa var Billy Ross og tidlegare medlemmer av gruppa Contraband, Billy Jackson, John Martin og George Jackson. Ein av dei tidlegaste konsertane var på Kinross Folk Festival i 1976.
Kvar av medlemmane var ein multi-instrumentalist og songar. Dei song på engelsk, skotsk og gælisk. Gruppa hadde ei nøye tilnærming til songar, airar og dansemusikk, nesten som ei kammermusikk-tilnærming til skotsk musikk.
Billy Jackson spelte harpe, clàrsach, i dei fleste stykka til gruppa, men han spelte òg uilleann pipes (irsk sekkepipe) pipar og fløyter. John Martin, som spelte fele og cello, blei seinare medlem av The Tannahill Weavers. George Jackson (bror til Billy) spelte gitar, cister, mandolin, fele og fløyter. Billy Ross var hovudsongar og spelte gitar, dulcimer og fløyte.
Dei to fyrste albuma til gruppa var Ossian (1977) og St. Kilda Wedding (1978). Billy Ross forlet gruppa i 1980, og blei erstatta av Tony Cuffe som hovudvokalist, som òg spelte gitar og fløyte. I 1981 kom Iain MacDonald med og spelte i stor skotsk sekkepipe og fløyte. Gruppa blei oppløyst i 1989 då Tony Cuffe og William Jackson flytta til USA.
I 1997 skipa Billy Jackson bandet opp att med den opphavlege songaren, Billy Ross. Gruppa spelte inn ein CD og heldt nokre konserter i ei tid.
Diskografi
Ossian - Springthyme Records SPR 1004 (1977) St. Kilda Wedding - Iona Records IR001 (1978) Seal Song - Iona Records IR002 (1981) Dove Across the Water - Iona Records IR004 (1982) Borders - Iona Records IR007 (1984) Light On a Distant Shore - Iona Records IR009 (1986) The Carrying Stream - Greentrax CDTRAX 127 (1997)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ossian (band)» frå , den 7. juni 2024.
Kategori:Skotske folkemusikkgrupper Kategori:Musikkgrupper skipa i 1976