Unni Marie Anisdahl () er ein norsk tidlegare handballspelar og sportsjournalist frå Harstad.
Etter eit år som friidrettsutøvar for IF Sturla, melde Anisdahl seg i 1967 inn i handballaget Vestar frå Oslo. Med Vestar vann ho ei rad seriemeisterskap, det siste i 1977, og ho var med på fleire triumfar i NM-cupen. Åra 1971-77 spelte ho 72 landskampar som linjespelar og skåra 58 mål. Ho deltok i alle tre verdsmeisterskapane i perioden.
Anisdahl arbeidde som journalist i Norsk Rikskringkasting, stasjonert mange år i NRK Sørlandet og seinare i sportsredaksjonen i Oslo.
Kjelder
handball.no
Denne artikkelen bygger på «Unni Anisdahl» frå , den 19. juni 2024.
Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Folk frå Harstad