mini|«Fra Sildfiske», truleg frå 1920/30-talet. Sildefiske er fiske etter sild (Clupea harengus), ein art som lever pelagisk i stimar i dei nordlege delane av Atlanterhavet og Stillehavet. På grunn av rike førekomstar med sesongvise innsig av enorme stimar nær kysten visse stader, har det vore forholdsvis lett å fanga store mengder der. Det har også blitt drive havfiske. Sildefisket har hatt mykje å seia for økonomi og mattilgang i ulike land i fleire hundreår.

Sildefisket, særleg basert på norsk vårgytande sild (storsild, vårsild, feitsild og småsild), har i lange periodar vore det viktigaste norske fisket.«Sildefiske» i Store norske leksikon (vitja 10. juli 2014) Vintersildfisket etter vårgytande sild går hovudsakleg føre seg langs Møre- og Nordlandskysten frå januar til mars med ringnot, trål og garn på 20–500 meters djup. Bestanden av fisk har variert sterkt med rike og fattige tidsperiodar over mange tiår. Overfiske førte til kvoteregulert fangst frå midten av 1960-åra. I 1970 var praktisk talt heile gytebestanden borte, men tok seg seinare opp igjen.

Sild har stor næringsverdi og blir mellom anna konservert frosen eller salta. Norsk sild blir eksportert fyrst og fremst til Europa og Japan.

Norsk sildefiske

mini|Silda kommer, måleri av Christian Krohg (1852–1925) i Norsk Maritimt Museum. mini|Kystsnurparen «Trondskjær» dreg sild på Vestfjorden i 2012.

Fiskesesongar Sildefisket i Noreg omfattar ulike sesongar og ulike storleikar og kvalitetar på fisken, til dømes sommarsild, bladsild, feitsild (frå oppvekstområda i Barentshavet), vintersild, vårsild (sild som har gytt), forfangstsild, storsild og mussa (årsyngel).fiskeri.no: Sildas mysterier

Vintersildfisket er sesongfiske etter storsild som kjem inn til vestlandskysten for å gyta om vinteren. Sildefisket, som torskefiske, kunne derfor kombinerast med jordbruk som eit tilskot når det gjaldt pengar og mat.

Historikk To store norske eksportvarer har vore tømmer frå Austlandet og fiskeprodukt frå Vestlandet og Nord-Noreg. Trelasteksporten er berre nokre hundreår gammal, medan storfiske for eksport er mykje eldre, sjølv om sildefiske for eksport fyrst kom skikkeleg i gang på 1500-talet. Silda, «havets sølv», er uberekneleg og medfører mykje sjanseseglas. I mellomalderen var det i lange tider rikt sildefiske i Øresund, men før 1500 dukka det også opp stimar i Nordsjøen til glede for nordmenn, britar og nederlendarar. Sild saman med graut og flatbrød var hjørnesteinen i kosthaldet mange stader, men den beste fisken gjekk ut av landet. Fortenesta var likevel ikkje stor for fiskarane, som måtte selja til byborgarane fordi desse hadde kontaktane som trongst for å få vara omsett, og hadde importert saltet som var nødvendig for konservering av silda. Lovane var strenge kring sildefisket: Alle fiskarane måtte gå i kyrkje kvar sundag og komma edru. Einkvan som banna når dei trekte sildegarn, skulle straffast med halsjern.Edvard Bull: Nordmenn før oss bind 1 (s. 95), forlaget Tano, 1985, ISBN 82-518-2080-4

Silda har kome og blitt borte med ujamne mellomrom. Det var store årlege variasjonar i mengder. Det rike danske sildefisket ved Skåne tok slutt då silda flytta til Båhuslen i åra 1556-89, der det ifølgje tollistene frå Marstrand blei eksportert 72 000 tønner sild berre i 1582. I åra 1540-70 var det også godt med sild utanfor Vestlandet, frå Karmøy i sør og til Trondheimsfjorden. Busetnaden Bjugn voks fram på bakgrunn av dette sildefisket, som var meir kapitalkrevjande enn torskefisket, sidan det gjekk med ei tønne salt for å salta tre tønner sild.Hilde Sandvik og Geir Atle Ersland: Norsk historie (s. 188), Samlaget, Oslo 2008, ISBN 978-82-521-5182-4

Sildefisket er kjent allereie frå norrøn tid.fiskeri.no: Sildas mysterier Sild var ei eksportvare på 1200-talet til EnglandRegesta Norvegica, bind 2, nr. 608 fra ca. 1290 om eksport til England - og Tyskland.Regesta Norvegica, bind 2, nr. 489 fra 1288 om eksport til Tyskland - Samtidig ser ein også at sild var importvare til Danmark og Noreg frå Slesvig kring 1275.Regesta Norvegica, bind 2, nr. 135 -

I eit paveleg brev skrive ein gong mellom 1161 og 1172 fekk folk i Noreg lov til å fiska sild når han gjekk under land, også på søndagar og heilagdagar, bortsett frå dei aller største høgtidsdagane.Regesta Norvegica, bind 1, nr. 143 - Tillatelsen ble bekreftet igjen i 1247, jamfør Regesta Norvegica, bind 1, nr. 781 - I Stavanger dominerer torsk, lange og sei i arkeologiske utgravingar, så tilsiget av sild der var neppe så stort på denne tida.Knut Helle: Fra våg til by, Dreyer forlag, Stavanger, 1975, side 161.

Silda kom i store mengder på 1500-talet, fyrst og fremst rundt Marstrand i Båhuslen. Frå om lag 1550 kom det også store mengder inn til kysten mellom Stavanger og Bergen, særleg i Karmsundet. Fisket på Vestlandet minka kraftig etter 1560.Harald Maaland: Fra bispesete til borgerby, Stavanger 1530-1630, Stavanger, 1981, side 85 med henvisning til Peder Claussøn Friis. Sildefisket i Båhuslen blei skattlagt på 1500-talet, men blei ikkje skattlagt på Vestlandet før eit stykke ut på 1600-talet. Det tyder på at det stabile sildefisket hovudsakleg var på båhuslenkysten.

Tydinga av vintersildfisket på Vestlandet fram til ca. 1620 er usikkert, sidan det er få kjelder.Maaland Harald: Fra bispesete til borgerby, Stavanger 1530-1630, Stavanger, 1981 , side 86. Nokre av dei oppgjev gode periodar på Sørvestlandet til 1600–85, 1699–1784 og 1808-70.fiskeri.no: Sildas mysterier I nyare tid var vintersildfisket på sitt høgaste i 1948-57. I 1956 blei det fanga 1,1 millionar tonn; i 1961 berre 70 000 tonn.Grunntrekk i norsk historie (s. 353), Universitetsforlaget, Oslo 1991, ISBN 82-00-21273-4

Silda og lønnsemda kom tilbake i 1890-åra. Næringa blei gradvis modernisert gjennom nye fangstmetodar, og større og motoriserte fartøy som kunne følgja silda langs kysten og også driva havfiske. I 1940 og fleire av krigsåra blei kring halvparten av silda fanga i Rogaland. Sildefisket gjekk sterkt tilbake i løpet av 1960-åra på grunn av overfiske som følgje av forbetra teknologi. I 1970-åra blei fisket stadig strengare regulert og forbode i enkelte periodar. Fyrst ut på 1980-talet blei det tillate å fiska større mengder fisk, og kvotane blei etter kvart auka.

Sildeavtalen med Storbritannia i 1916 I 1916 kom det norske sildefisket inn i storpolitikken med inngåinga av sildeavtalen med Storbritannia, eit komplisert avtaleverk fatta på bakgrunn av den lovstridige blokaden til britane av Tyskland og Austerrike. Folkeretten forbaud blokade av matimporten til fienden, og eit nøytralt land som Noreg stod fritt til å selja sild utanlands. Frå utbrotet av den fyrste verdskrigen i 1914 sikra tyskarane seg alt Noreg eksporterte av sild, sidan dei overbaud alle. Norsk sild blei dermed for dyr også for norske kjøparar. Dette gjorde at regjeringa såg seg nøydd til å setja eit tak på eksporten, slik at norsk sild blei til å få for nordmenn òg. Britane var likevel ikkje nøgde, og i 1915 truga dei med at om det ikkje kom fleire restriksjonar på norsk sal av sild til Tyskland, ville britisk sal av kol og olje til Noreg bli stoppa heilt. Norsk sildesal til Tyskland gjekk frå Bergen gjennom nøytralt norsk og svensk farvatn til Austersjøen, der tyske ubåtar heldt allierte fartøy unna. Men britane ville ikkje la tyskarane nyta godt av norsk sild, og dei hadde makta over den norske utanriksøkonomien som gjekk gjennom City of London.Christian Borch: Kjøp Berlin! (s. 98-99), forlaget Cappelen-Damm, Oslo 2018, ISBN 978-82-02-56711-8

Gunnar Knudsen var dermed nøydd til å gripa inn, og sende fiskeridirektør Johan Hjort til London i 1926. Fiskeridirektoratet var ikkje noko statleg organ den gongen, men finansiert og oppbygd av bransjen sjølv. Fiskeridirektør Hjort var fortvila over oppgåva; han innsåg at instruksane var mangelfulle og inkonsekvente. Han kom heim med ein avtale der britane forplikta seg til å kjøpa overskotet frå vårsildfisket til marknadspris gjennom selskapet til Albert Martens, den britiske konsulen i Bergen. Slik skulle Noreg sleppa å tapa økonomisk på blokaden av Tyskland, samtidig som ordninga ikkje stod fram som noko brot på norsk nøytralitet. Men britane hadde ikkje bruk for all den silda dei no var kjøparar av. Dei fekk silda dei trong frå Skottland, som krigen hindra i å handla med Tyskland. Silda hauga seg dermed opp i Noreg. Johan Hjort og følgjet hans hadde forbod mot å fortelja offentleg kva dei hadde avtalt i London. Det måtte for all del ikkje komma ut at Noreg hadde brote nøytraliteten. Hjort vart dermed nøydd til å nekta for sanninga om avtalen han hadde inngått med britane. Samtidig hopa bevisa for nøytralitetsbrotet seg opp på bryggjene i Vågen, der det etter kvart stinka stramt frå sildetønnene som stod stabla i haugar som tårna seg opp.Christian Borch: Kjøp Berlin! (s. 100-02) Alfred Martens hadde kjøpt sild for 250 millionar kroner våren 1916. Britane kjøpte i 1916 og 1917 opp norsk sildar for ialt nesten 500 millionar kroner. Berre noko av oppkjøpet hamna i England. Medan tyskarane svalt, rotna enorme mengder med sild i Bergen.Foto av sildetønner stablet i Bergen havn

Statsminister Knudsen ville sikra Noregs interesser med alle middel, og Johan Hjort sine avskjedssøknader blei avviste gong på gong. Han blei send tilbake til London for vidare forhandlingar, som han fortalde om i memoarane sine frå 1927. Gunnar Knudsen ville mellom anna kjøpa tilbake silda britane hadde kjøpt, til nedsett pris. Men ordninga var allereie for dyr for dei, slik Hjort hadde føresett. Avtalen blei endra til at britane fekk ein makspris på sild dei kjøpte, som elles ville vorte selt til Tyskland. Dermed blei det eit direkte sal, i staden for den kamuflerte handelen via private forretningsdrivande. Fiskarar og oppkjøparar var opprørte over ordninga, og tyskarane påpeika straks at avtalen braut med den norske statusen som nøytralt land når Noreg diskriminerte Tyskland på statleg nivå. Eit lovfesta forbod mot eksport til Tyskland avdekte at det var Noreg, ikkje privatpersonar, som var avtalepartnaren. Dermed hadde Noreg teke parti i ein pågåande krig, og hausten 1916 trappa tyskarane opp ubåtkrigen i Nordsjøen. I alt 143 norske skip blei senka av dei i 1916. Tyskarane forklarte at dei søkte å hindra leveransar til Russland, men folk i Noreg opplevde opptrappinga som eit tilsvar på sildeavtalen med britane. Attpåtil kravde britane at norske hamner skulle stengjast for tyske ubåtar. Tyskarane truga straks med reaksjonar. For dei verka ubåtkrigen som eit lovleg tilsvar på den ulovlege blokaden til britane. Gunnar Knudsen si regjering hadde sett Noreg i akutt krigsfare, og det blei reist krav om å erstatta henne med ei samlingsregjering. Kong Haakon spurde Christian Michelsen korleis han stilte seg til å overta som statsminister igjen, men Venstre hadde fleirtal i Stortinget og var den lovleg valde regjeringa i Noreg. Gunnar Knudsen blei sitjande.Christian Borch: Kjøp Berlin! (s. 102-06)

Sildefiske i kyrkjeleg retorikk Då sildestimane lét vere å komma inn til kysten på slutten av 1500-talet, meinte Absalon Pederssøn Beyer at dette var ei straff frå Gud fordi lensherren hadde teke sildetienda frå bygdeprestane.Øystein Rian: For Norge, kjempers fødeland (s. 56), Samlaget, 2007, ISBN 978-82-521-6691-0

Peder Claussøn Friis meinte at silda forsvann på grunn av den slette åtferda og utakksemda folk hadde for gåvene til Gud. Han meinte også at ei underleg sild som var blitt fanga i 1587 var ei åtvaring frå Gud om at han ville ta denne rike gåva frå dei.Øystein Rian: For Norge, kjempers fødeland (s. 78)

Konservering Ein kjenner til at sild blei lagt i tønner på 1300-talet.Regesta Norvegica, bind 5, nr. 435 fra 1341 - Regesta Norvegica, bind 7, nr. 1049 fra 1382 - Dei blei truleg lagde i saltlake.