Mahamat Idriss Déby Itno () er ein tsjadisk politikar og offiser som har vore leiar for Tsjad sidan 2021, fyrst som president for Overgangsmilitærrådet frå 2021 til 2022, deretter som overgangspresident frå 2022 til 2024, og så som den 7. presidenten i landet etter å ha sigra i presidentval i 2024. Han er òg generalsekretær for regjeringspartiet Mouvement patriotique du salut (MPS) sidan 2022. Débry kom til makta 20. april 2021 etter at faren og forgjengarenhans, Idriss Déby, døydde i kamp medan han kommanderte troppar i offensiven mot opprørsgrupper i i Nord-Tsjad. Han hadde tidlegare vore nestkommanderande for militæret under den tsjadiske intervensjonen i Nord-Mali (FATIM).
Bakgrunn og privatliv Mahamat Déby blei fødd i 1984 som son av Idriss Déby, den dåverande hovudkommandøren for dei tsjadiske bakkestyrkane, og ei mor frå gouranefolket.
Déby er polygam, og har tre koner. Den fyrste kona hans er ei kvinne frå zaghawafolket. I 2010 gifta han seg med den andre kona si, ei sentralafrikansk kvinne og dottera til Abakar Sabone - ein tidlegar minister i regjeringa i Den sentralafrikanske republikken, rådgjevar for Michel Djotodia og leiar for opprørsgruppa Mouvement des libérateurs centrafricains pour la justice. Déby og den andre kona hans skal ha fem barn.
Den tredje kona til Mahamat Déby, Dahabaya Oumar Souni, er ein journalist og medierådgjevar som blir rekna som fyrstedama i Tsjad. Souni arbeidde nært med svigerfaren sin, president Idriss Déby, og blei promotert til leiar for PR-kontoret for presidentskapet frå desember 2019 til han døydde. I mai 2021 blei Dahabaya Oumar Souni utnemnd til medierådgjevar for formannskapet i Overgangsmilitærrådet og arbeider no saman med ektemannen Mahamat Déby som medlem av gruppa hans av tekniske rådgjevarar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mahamat Déby» frå , den 30. juni 2024.
Kategori:Tsjadiske presidentar