Biffy Clyro er ei skotsk rockegruppe frå Kilmarnock som består av Simon Neil (song, gitar), James Johnston (bass, song) og dessutan Ben Johnston (trommer, song).
Dei tre medlemmene grunnla den fyrste gruppa si, Screwfish, i 1995 som unge tenåringar. Sidan 2002 har dei som bandet Biffy Clyro gjeve ut fem studioalbum, Blackened Sky, The Vertigo of Bliss og Infinity Land, men det var etter det fjerde albumet Puzzle, som kom ut 2007, at dei fekk det store gjennombrotet sitt. I 2009 gav dei ut albumet Only Revolutions. Dette nådde tredjeplassen på den britiske albumlista, selte til gull få dagar etter utgjevinga, og hadde oppnådde dobbel platinastatus i august 2011.
I 2011 blei Biffy Clyro nominert til Brit Awards for Best British Group."BRITs Profile: Biffy Clyro" . Brits.co.uk. Retrieved 28 March 2013 Ved NME Awards 2013 vann ho prisen for Best British Band.
Gruppa har aldri forklart nøyaktig kvar namnet «Biffy Clyro» kjem frå. Simon Neil har sagt at det er «eit dumt namn» som ofte har vore vanskeleg å forklara.Simon Neil meets with Eve Jackson. France 24. 1. september 2010. Medlemmene i gruppa har gjeve ulike oppdikta forklaringar på namnet i intervju. I ein Pop Quiz-episode på Music Choice sa til dømes Neil at Biffy Clyro var namnet på ein skotte som bygde sin eigen rakett og var den fyrste mannen i verdsrommet.
Diskografi
2002 – Blackened Sky 2003 – The Vertigo of Bliss 2004 – Infinity Land 2007 – Puzzle 2009 – Only Revolutions 2013 – Opposites 2016 – Ellipsis 2019 – Balance, Not Symmetry 2020 – A Celebration of Endings 2021 – The Myth of the Happily Ever After
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Biffy Clyro» frå , den 4. juli 2024.
Delar av denne artikkelen bygger på «Biffy Clyro» frå , den 6. juli 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Skotske musikkgrupper Kategori:Musikkgrupper skipa i 1995