Mytilíni (gresk Μυτιλήνη, tyrkisk Midilli), òg kalla Mytilene, er ein by og ein kommune aust på øya Lésvos. Han er hovudbyen på øya og hovudsete i kommunen Mytilíni, i periferieininga Lésvos og i periferien Dei nordlege egeiske øyane i Hellas.

Mytilíni har ei vakker hamn med ferjesamband til dei nærliggande øyane Límnos og Khíos og til Avyalik i Tyrkia. Hamna har òg båtsamband til Pireus, Aten og Thessaloníki.

Administrativ inndeling mini|venstre|Den tidlegare kommunen Mytilíni, no kommunaleininga Mytilíni Mytilíni hadde vore eigen kommune fram til 2011, men vart då ei kommunaleining i kommunen Lésvos. Frå 2019 vart storkommunen delt opp att, og dei opphavlege kommunane Ajásos, Everjétoulas, Jéra, Loutrópoli Thermís, Mytilíni og Plomári vart kommunaleiningar i den nye kommunen Mytilíni.

Ved folketeljinga i 2021 var det 59 034 innbyggjarar i det som no er kommunen Mytilíni. Kommunaleininga Mytilíni hadde 41 379 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 31 714 innbyggjarar.

Byar og tettstader Dei største byane og tettstadene i kommunen er: Tettstad Kommunaleining Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Mytilíni Mytilíni 27 871 31 714 Plomári Plomári 2 996 2 756 Ajásos Ajásos 2 320 1 934 Pappádos Jéra 1 442 1 386 Skópelos Jéra 1 530 1 383 Pámfila Mytilíni 1 413 1 188 Variá Mytilíni 1 133 1 100 Taxiárkhes Mytilíni 1 107 1 087 Loutrá Mytilíni 1 085 1 025 Panajoúda Mytilíni 906 982 Mória Mytilíni 1 164 938 Paleókipos Jéra 976 826 Loutrópoli Thermís Loutrópoli Thermís 900 823 Íppio Everjétoulas 818 708 Pérama Jéra 726 702 Mesargós Jéra 631 571 Káto Trítos Everjétoulas 518 507 Plajá Plomári 529 473 Ajía Marína Mytilíni 522 467

Småøyar i kommunen: Ájos Vasílios (0)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mytilene» frå , den 21. september 2007.

Referansar

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Mytilini Mytilini Mytilini Mytilini Mytilini Mytilini Mytilini