Frank Richard George Lampard () er ein engelsk tidlegare fotballspelar frå East Ham som var sideback i West Ham United i 18 sesongar.
Karriere Klubbspel Lampard fekk sin ligadebut med West Ham i november 1967, ein heimekamp mot dei blivande ligameistrane Manchester City. Sidan var han fast venstreback i laget i bortimot 18 sesongar. Han spelte FA-cupfinalen 1975 mot Fulham FC og FA-cupfinalen 1980 mot Arsenal FC, begge oppgjera enda med siger til Lampard og West Ham United. Han la opp etter å han spelt 1985/86-sesongen for fjerdedivisjons-laget Southend United.
Landslagsspel Lampard aksla den engelske landslagstrøya to gongar. Hausten 1972 møtte han Jugoslavia på heimebane, våren 1980 spelte han mot Australia i Sydney.
Merittar Vinnar av FA-cupen: 1975 og 1980 med West Ham United
Ymse Han er far til samnemnde Frank Lampard.
Kjelder
eu-football Denne artikkelen bygger på «Frank Lampard Sr.» frå , den 6. juli 2024.
Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:West Ham-spelarar