Sjå òg fylkesveg 152 (fleirtyding). Fylkesveg 152 i Sogn og Fjordane gjekk opphaveleg mellom Fjærland ferjekai og Distad i Sogndal kommune, og mellom Menes og Ulvastad kai i gamle Balestrand kommune. Frå Fjærland ferjekai gjekk Riksveg 625 til Skei i Jølster. Då nye Riksveg 5 mellom Bøyaøyri i Fjærland og Sogndalsfjøra opna i 1994 vart bortimot heile Riksveg 625 lemma inn som del av Riksveg 5, bortsett frå stubben mellom Bøyaøyri og Fjærland ferjekai. Denne vart del av Fylkesveg 152.

I 2019 vart det gjort endringar i fylkesvegnettet, og dei to traseane til gamle Fylkesveg 152 i Sogn og Fjordane vart utskilde til nye fylkesvegar: Bøyaøyri – Distad (6,3 km), no Fylkesveg 5617 Menes – Ulvastad kai 5,5 km, no Fylkesveg 5606

Kommunar og knutepunkt

Bøyaøyri Norsk Bremuseum Mundal Fjærland ferjekai → Balestrand-Hella-Fjærland Kommunal veg frå Distad til Raudboti (6,6 km) Mellom Raudboti og Menes er vegen ikkje bygd

Endepunkt Menes Kommunal veg frå Ulvastad kai til Nedrebø (0,7 km)

Kjelder

Sogn Kategori:Vegar i Sogndal