Carlton Lloyd Palmer () er ein engelsk tidlegare fotballspelar. Han var frå 1984 til 2003 aktiv for eit titals engelske fotballklubbar. Palmer var midtbanespelar.
Palmer er mest kjend for sine år i West Bromwich (1984-89), Sheffield Wednesday (1989-94) og Leeds United (1994-97). I tida frå 29. april 1992 til 13. oktober 1993 deltok han i 18 landskampar, skåra eitt mål. Han spelte alle Englands tre kampar i EM i fotball 1992. 14. oktober 1992 var han innbytar då England og Noreg spelte uavgjort i ein VM-kvalifiseringskamp i London. 2. juni 1993 spelte han heile kampen då England tapte returoppgjeret på Ullevål stadion i Oslo med 0-2.
Merittar Vinnar av den engelske ligacupen: 1991 for Sheffield Wednesday (spelte ikkje finalen) Finalist i den engelske ligacupen: 1993 for Sheffield Wednesday og 1996 for Leeds United Finalist i FA-cupen: 1993 for Sheffield Wednesday Tredjeplass i den engelske ligaen: 1992 for Sheffield Wednesday
Kjelder
eu-football Denne artikkelen bygger på «Carlton Palmer» frå , den 11. juli 2024.
Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:Sheffield Wednesday-spelarar Kategori:West Bromwich-spelarar Kategori:Leeds-spelarar Kategori:Southampton-spelarar Kategori:Coventry-spelarar Kategori:Nottingham Forest-spelarar Kategori:Stockport-spelarar