Bjørn Tore Kvarme () er ein tidlegare fotballspelar frå Trondheim som vert hugsa for sine år med suksessrike Rosenborg Ballklub. Han var i mange år høgreback, i dei seinare år midtstoppar.
Karriere Klubbspel Kvarme melde overgang frå 5. divisjonslaget Utleira i Trondheim til Rosenborg våren 1991. Han spelte seg til fast plass på sideback og skulle dei neste seks sesongane verte seriemeister fem gongar i rad. Etter sesongslutt i 1996 skreiv Kvarme kontrakt med den engelske storklubben Liverpool FC. Her var han i tre sesongar, utan å erobre fast plass i fyrsteellevaren. Hausten 1999 vart han overført til franske AS Saint-Étienne, der han spelte i to sesongar. I juni 2001 gjekk turen til spanske Real Sociedad. Kvarme spelte tre sesongar i Spania, før han flytta til franske SC Bastia. Etter ein knapp sesong på Korsika vende han vinteren 2005 tilbake til Rosenborg. Han fekk ein del speletid på laget, før han la skorne på hylla i juli 2008.
Landslagsspel Kvarme aksla landslagstrøya ein einaste gong. 3. oktober 1997 var han med i den mållause kampen mot Colombia på Ullevål stadion i Oslo.
Merittar Norsk seriemeister: 1992, 1993, 1994, 1995, 1996, 2006 med Rosenborg BK Noregsmeister: 1992, 1995 med Rosenborg BK (spelte ingen av finalane) Tredjeplass i den engelske ligaen: 1998 med Liverpool FC
Kjelder
eu-football
Denne artikkelen bygger på «Bjørn Tore Kvarme» frå , den 12. juli 2024.
Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Rosenborg-spelarar Kategori:Real Sociedad-spelarar Kategori:Saint-Étienne-spelarar Kategori:Liverpool-spelarar Kategori:Bastia-spelarar