Peter Andrew Beardsley () er ein engelsk tidlegare fotballspelar frå Hexham. Han utmerkte seg på Newcastle United og hadde stor suksess med Liverpool FC, samt deltok i tre meisterskaps-turneringar for England. Beardsley var ein kvikk, iherdig og skapande angrepsspelar, spelte jamnast på høgrevengen.
Karriere Klubbspel Beardsley var aktiv på fjerdedivisjonslaget Carlisle United i tida 1979-82. Han fekk i 1983 kontrakt med Newcastle United og markerte seg dei neste åra med mange skåringar frå vengen. Sommaren 1987 vart han overført til Liverpool FC mot rekordsummen 1,9 millionar pund. Her ytte han mykje til Liverpools triumfar dei neste tre sesongane. 1991-93 gjorde Beardsley teneste i Everton FC. Frå sesongstart 1993 var han tilbake i Newcastle, der han i 1997 ikkje kunne hindre nedrykket til nivå 2 i ligasystemet.
Landslagsspel Beardsley fekk sin landslagsdebut i Kairo i januar 1986 og spelte sin siste landskamp i Beijing i mai 1996. Under VM i fotball 1986 deltok han i alle Englands kampar, skåra eitt mål. To år seinare spelte han to kampar ved EM 1988, begge enda med engelsk tap. Han fekk mykje speletid i Fotball-VM 1990, var med heile semifinalen mot Tyskland og bronsekampen mot Italia. Gjennom 59 kampar for England skåra han 9 mål.
Merittar Engelsk ligameister: 1988 og 1990 med Liverpool FC Vinnar av FA-cupen: 1989 med Liverpool FC Finalist i FA-cupen: 1988 med Liverpool FC Andreplass i engelsk liga: 1989, 1991 med Liverpool FC og 1996 med Newcastle United
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Peter Beardsley» frå , den 17. juli 2024.
eu-football
Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:Newcastle-spelarar Kategori:Everton-spelarar Kategori:Fulham-spelarar Kategori:Bolton-spelarar Kategori:Folk frå Hexham