Bulandet ferjekai er ei nedlagd ferjekai på Nikøy i Bulandet i Askvoll kommune i Vestland. Frå Bulandet gjekk ferjesambandet Askvoll-Fure-Værlandet-Bulandet.
Kaianlegget opna i 1989 som ledd i å knyta Bulandet til Værlandet og vegnettet på fastlandet. I 2003 opna Nordsjøvegen - ny fylkesveg som knytte Bulandet til Værlandet og Værlandet ferjekai. Med dette vart Bulandet sløyfa frå ferjesambandet.
Bulandet ferjekai er i dag brukt som småbåthamn.
Bakgrunnsstoff Hermund Kleppa: «Fylkesbaatane – om rutetrafikken til Bulandet» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland
Kategori:Geografi i Askvoll Kategori:Samferdsle i Askvoll Kategori:Tidlegare ferjeleie i Vestland