Kaupanger ferjekai er eit ferjeanlegg i Kaupanger i Sogndal kommune i Vestland, og inngår i Riksveg 5. Frå Kaupanger går ferjesambandet Kaupanger-Frønningen(-Gudvangen).
Frå 1938 til 1995 var Kaupanger ein sentral ferjestad i Indre Sogn, og vart til etter oppdelinga av det tidlegare ferjesambandet Lærdal-Vadheim, og ein fekk dei nye sambanda Lærdal-Kaupanger og Grinde-Nordeide. Frå Kaupanger kom det seinare samband til både Gudvangen, Årdalstangen og Aurland. Kaianlegget vart i fyrste omgang oppgradert midt på 1950-talet med to køyrelemmer. I samband med opninga av Revsnes ferjekai i 1966 vart anlegget oppgradert på ny med to nye moderne anløp rett austanfor dei gamle, og dei gamle måtte vike for utvida oppstillingsområde.
I 1995 opna ny Riksveg 5 mellom Kaupanger og Lærdal og det nye ferjesambandet Mannheller-Fodnes, og med dette vart ferjetrafikken til Årdal/Fodnes borte. Med opninga av Lærdalstunnelen i 2000 vart òg ferjene til Lærdal, Gudvangen og Aurland borte, og ein fekk det nye ferjesambandet Kaupanger-Frønningen for å ivareta eit offentleg ferjetilbod til den veglause bygda Frønningen, som fram til då hadde stopp på rutene til Aurland og Gudvangen. I tillegg går det sumarferje til Gudvangen i regi av turistnæringa.
I ettertid har det vestre kaia blitt oppgradert til standard 6 meter breidde på ferjelemmen for å fasilitere for dagens ferjer, medan den austre kaia har fått ferjelemmen fjerna og er brukt som fortøyingskai.
Liste over samband med stopp på Kaupanger ferjekai: 1938-1966: Lærdal-Kaupanger 1946-1966: Lærdal-Kaupanger-Gudvangen 1946-1966: Kaupanger/Lærdal-Årdalstangen 1966-1995: Revsnes-Kaupanger 1966-1993: Årdalstangen-Kaupanger 1966-1993: Årdalstangen-Kaupanger-Revsnes-Gudvangen 1966-1995: Kaupanger-Revsnes-Gudvangen 1967-1993: Flåm-Aurland-Kaupanger-Årdalstangen 1993-1995: Kaupanger-Fodnes 1993-2000: Kaupanger-Aurland-Flåm 1995-2000: Lærdal-Kaupanger-Gudvangen 2000-: Kaupanger-Frønningen
Kjelder
Bakgrunnsstoff Kristin Ese: «Dei første ferjesambanda i Sogn» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland Kristin Ese: «Stamvegen - riksveg 5 - mellom Lærdal og Sogndal» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland
Kategori:Riksveg 5 Kategori:Geografi i Sogndal Kategori:Samferdsle i Sogndal Kategori:Ferjeleie i Vestland