mini|Symbol mini|Dei olympiske ringane. Individuelle nøytrale atletar, med AIN (etter fransk Athlètes Individuels Neutres), blei oppretta av Den internasjonale olympiske komitéen (IOK) for å mogleggjere at godkjende utøvarar frå og kunne få delta i Sommar-OL 2024 i Paris i Frankrike i perioden 26. juli til 11. august 2024.
blei suspendert av IOK etter den russiske invasjonen av Ukraina i 2022 og Belarus' blei suspendert på grunn av landets medverknad til invasjonen og sin fortsatte støtte til fordel for Russland.
AIN-utøvarane blei nekta å bruke det olympiske flagget og olympiahymnen, og måtte difor bruke eit grønt flagg med eit spesiallaga AIN-emblem med grøn skrift på kvit botn. 19. mars 2024 presenterte IOK ein spesialkomponert instrumental melodi som ville bli spelt under medaljeseremonien dersom nokon frå dette laget skulle bli olympisk meister.
Godkjenning av utøvarar Kriterium for godkjenning For å bli vurdert til å kunne delta som nøytral utøvar under nemninga AIN, gav IOK russiske og belarusiske idrettsutøvarar og leiarar fleire spesifiserte kriterium, som blant anna: Kvalifiserte utøvarar med russisk eller belarusisk pass blei både påmelde og deltakande som Individuelle nøytrale atletar (AIN). Lag som bestod av utøvarar med russisk eller belarusisk pass kunne ikkje bli påmelde eller delta. Utøvarar, lagleiarar og anna støttepersonell som aktivt støtta krigen mot Ukraina kunne ikkje bli påmelde eller delta. Utøvarar, lagleiarar og anna støttepersonell med tilknytingar til dei russiske eller belarusiske militæret eller ein av deira nasjonale tryggleiksorganisasjonar (etterretning), kunne ikkje bli påmelde eller delta. Samtlege utøvarar på AIN-laget måtte, slik som alle andre nasjoner og lags utøvarar, underleggje seg krava til det gjeldande anti-dopingreglementet. Sanksjonane mot statane Russland og Belarus samt representantar for russiske og belarusiske myndigheiter blei oppretthaldne. Flagg, farger eller andre symbol som kunne bli identifiserte som russiske eller belarusiske var ikkje tillatne på nokre av dei offisielle arenaane eller andre liknande stader under avviklinga av leikane. Ingen offisielle personar som representerte den russiske eller belarusiske staten blei inviterte eller akkrediterte.
Nominasjonar og invitasjoner Særforbunda for kvar enkelt idrett stod for godkjenning og nominasjonar av utøvarar for sine respektive idrettar, og dei kunne også bestemme om dei ikkje ønskte å godkjenne eller nominere nokon. Dei utøvarane som blei godkjende og nominerte av eit særforbund, måtte deretter bli godkjende for deltaking av IOK. Desse blei inviterte individuelt til deltaking i leikane av IOK.
Fleire av dei nominerte og inviterte russiske og belarusiske utøvarane valde å ikkje akseptere invitasjonen. Utøvarane som aksepterte invitasjonen og ville delta som AIN, fekk ikkje delta i opningsseremonien. Medaljar som blei vunne av desse utøvarane, blei ikkje registrerte i den offisielle medaljeoversikten til IOK.
Medaljar 36px|Dei olympiske ringane 2024 Paris Gull Sølv Bronse Total 40px Individuelle nøytrale atletar 1 3 1 5 Medaljevinnarar 40px Individuelle nøytrale atletar under Sommar-OL 2024 i Paris 40px|De olympiske ringer Medalje Namn Sport Øving Dato 30px|Turn 2. august 2024 30px|Turn 2. august 2024 30px|Roing 3. august 2024 30px|Tennis 4. august 2024 30px|Vektlyfting 10. august 2024
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Individuelle nøytrale atleter under Sommar-OL 2024» frå , den 13. august 2024.
Kategori:Nasjonar under sommar-OL 2024