Ulvestad kai er eit tidlegare ferjeleie på austsida av indre Vetlefjorden i Sogndal kommune.
Frå 1939 var Ulvestad kai eit stopp utan ferjelem for ferjesambandet Grinde-Balestrand-Vetlefjorden og startpunkt på den nye vegen over Gaularfjellet. I 1951 opna samanhengande veg til Balestrand, og i 1956 opna nytt ferjeanlegg i Dragsvik, og med dette vart Ulvestad nedlagd som ferjeleie. Kaia står intakt i dag.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Kristin Ese: «Leikanger-Hella og Vetlefjord-Dragsvik» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland
Kategori:Geografi i Sogndal Kategori:Samferdsle i Sogndal Kategori:Tidlegare ferjeleie i Vestland