«Un banc, un arbre, une rue» (norsk omsetjing ‘ein benk, eit tre, ei gate’) er ein franskspråkleg popballade som vann Eurovision Song Contest 1971 for Monaco. Songen blei sungen av , og melodien er komponert av , medan skreiv teksta. Dette var den fyrste og einaste sigeren til Monaco i konkurransen, og songen fekk ein monaleg kommersiell suksess i Europa etter konkurransen.
Eurovision Song Contest Den monegaskiske kringkastaren handplukka songaren Séverine til å representere landet i Eurovision Song Contest 1971 i Dublin laurdag 3. april. Sjølv om songen representerte Monaco, var det eit heil-fransk lag som stod bak; både Séverine og dei to låtskrivarane var franske. Séverine hevda også at ho ikkje eingong hadde sett sine føter i Monaco, noko som ikkje stemmer. Ho var nemleg i Monte Carlo for å spele inn førehandsvideoen til songen.
I Eurovision Song Contest var «Un banc, un arbre, une rue» det tredje bidraget ut på scena av 18 bidrag. Songen er en chanson-inspirert popballade. Med seg på scena hadde Séverine fire mannlege støttevokalistar som nynna melodien medan Séverine song versa. Før konkurransen hadde songen blitt nemnd som ein mogleg vinnar, og under avrøystinga kom Monaco sterkt mot slutten og vann med 128 poeng. «Un banc, un arbre, une rue» fekk full pott frå den norske juryen.
Suksess «Un banc, un arbre, une rue» fekk stor kommersiell suksess i Europa, og Séverine spelte inn songen på fleire språk, blant anna ein engelsk versjon, «Chance in Time». Songen gjekk inn på hitlistene i ei rekkje land og nådde ein andreplass i Noreg. I Storbritannia nådde han ein niandeplass på den britiske singellista, noko som var uvanleg for ein franskspråkleg song.
Ei rekkje artistar spelte også inn eigne versjonar av låten, blant anna svenske Siw Malmkvist («På en gammal bänk»), danske («Træet på min barndoms vej»), tyske («Mach die Augen zu») og finske («Penkki, puu ja puistotie»).
Norsk versjon Også i Noreg blei «Un banc, un arbre, une rue» laga i ein norsk versjon, «På en gammel benk», framført av Kirsti Sparboe.
Listeplasseringar Liste (1971)Høgasteplassering , Flandern (Ultratop)3 ()http://www.infodisc.fr/Bilan_M.php Velg «Severine» fra rullemenyen og trykk OK.4 ()3 ()13 ()15 (VG-lista)2 ()5 ()1 (UK Singles Chart)9 ()23
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Un banc, un arbre, une rue» frå , den 22. august 2024.
Kategori:Eurovision Song Contest-vinnarsongar Kategori:Monegaskiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 1971-songar Kategori:Franskspråklege Eurovision Song Contest-songar