Jakob von Kettler, hertug av Kurland og Semgallen (), var ein baltisk-tysk hertug frå Kurland (1642–1682). Under herredømet hans nådde riket den største utstrekkinga si og var involvert i den kurlandske koloniseringa både i Afrika og i Karibia.
Liv Kettler var fødd i Goldingen (no Kuldīga) som son av Wilhelm Kettler og Sophia av Preussen (1582-1610), ei prinsesse av Preussen som var dotter av Albert Frederick av Preussen. Han var gudson av kong Jakob I av England. Under styret til Kettler handla hertugdømet med land som Nederland, Portugal, England og Frankrike. I 1651 sende han ein flåte for å byggja opp eit fort, kalla Fort Jacob, ved Gambiaelva. I 1654 erobra han Tobago med skipet «Das Wappen der Herzogin von Kurland». Kolonien på Tobago blei kalla Neu Kurland (Ny-Kurland).
Hertugen blei teken i fangeskap av Sverige frå 1658 til 1660. I denne tida blei koloniane hans erobra og flåten hans øydelagd. Etter at han blei sett fri, bygde han opp att flåten og tok tilbake koloniane. Han forpakta i ein periode Eidsvoll jernverk.Vogt, Johan Herman Lie: De gamle norske jernverk, 1908. Besøkt 13. des. 2014 Hertugen døydde i Mitau (no Jelgava) den 1. januar 1682.
Kettler gifta seg med Louise Charlotte av Brandenburg (1617–1676), dottera til Georg Vilhelm av Brandenburg.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Jacob von Kettler» frå , den 2. september 2024.
Kategori:Hertugar av Kurland Kategori:Tysk adel Kategori:Herskarar på 1600-talet