Dillingen an der Donau er ein by og ein kommune vest i forbundslandet Bayern i Tyskland, nær grensa mot Baden-Württemberg. Kommunen har 20 000 ibuarar og eit areal på 75,6 km². Byen er administrasjonssete for Landkreis Dillingen an der Donau.

Byen oppstod i alemannisk tid. Ei borg frå 900-talet la grunnen for eit hovdingsete, som frå 1258 låg under Augsburg-stiftet. Seinast frå det 15. hundreåret og til 1803 var Dillingen residensby for biskopane av Augsburg.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dillingen an der Donau» frå , den 5. september 2024.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Bayern