Gaute Børstad Skjervø () er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet frå Levanger. Skjervø var leiar av AUF frå oktober 2024 til oktober 2026, og var 2. vararepresentant på Stortinget i periodane 2017–2021 og 2021–2025.
Politisk karriere Skjervø vart medlem i AUF i 2010, og har sidan hatt ei rekkje verv i arbeidarrørsla. Han har tidlegare vore nestleiar i Levanger AUF (2010–2012) og fylkesstyremedlem i AUF i Nord-Trøndelag (2010–2011). I 2011 vart han som 15-åring vald som fylkesleiar i AUF i Nord-Trøndelag. Under AUF sitt landsmøte i oktober 2018 vart han vald inn i sentralstyret, og var i perioden frå 2020 til 2024 nestleiar i organisasjonen. Skjervø vart dinest innstilt som leiar av AUF september 2024, og byrja i stillinga månaden etter.
Skjervø overlevde terroråtaket på Utøya den 22. juli 2011. Han har i tida etter 2011 vore ein av AUF sine sterkaste røyster i kampen mot rasisme og høgreekstremisme. Hausten 2019 vedtok AUF sitt sentralstyre å setja i gong eit prosjekt og setja ned eit eige 22 juli-utval som skulle sjå på korso organisasjonen skulle taka vare på arven etter 22. juli 2011. Det var fyrste gong ein slik gjennomgang vart gjord. Skjervø vart vald til å leia arbeidet. Rapporten frå utvalet vart lagd fram for AUF sitt landsstyre den 20. august 2020, og seinare også for Arbeidarpartiet sitt landsstyre. Han har også profilert seg i kampen for internasjonal solidaritet.
I perioden mellom 2019 og 2023 var han medlem av kommunestyret i Levanger Kommune. I tillegg var han medlem av fylkestinget i Trøndelag Fylkeskommune, der han var medlem i hovudutvalet for transport. Skjervø stod på 4. plass på Arbeidarpartiet si liste i Nord-Trøndelag til stortingsvalet 2017 og stortingsvalet 2019, han har ved fleire høve møtt som vararepresentant.
Skjervø vart i 2022 utnemnd som medlem i Ekstremismekommisjonen som Støre-regjeringa hadde oppretta. Kommisjonen vart utnemnd for å auka kunnskapen om radikalisering og ekstremisme i Noreg. Kommisjonen hadde 16 medlemer frå ulike fagområde, og vart leidd av forskar Cathrine Thorleifsson.
Andre verv I juni 2023 vart Skjervø vald som visepresident i International Union of Socialist Youth (IUSY).
Han har tidlegare yrkja som miljøarbeidar i Trondheim kommune, praktikant i Utanriksdepartementet og som rådgjevar i Framtiden i våre hender.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gaute Børstad Skjervø» frå , den 5. september 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå Levanger Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Arbeidarpartipolitikarar