De dødes tjern er ein norsk -grøssar frå 1958 regissert av . Hovudrollene er spelte av Henki Kolstad, Henny Moan, Bjørg Engh, , og André Bjerke. Filmen er basert på romanen til Bernhard Borge (pseudonym for André Bjerke) frå 1942.

Filmen er også kjend under dei engelske titlane The Lake of the Damned og Lake of the Dead.

Filmen har fått ei nyinnspeling under , som blei gjeven ut i 2019.

Filmen blei gjeven ut i som Blu-ray for fyrste gang 8. desember 2023 i prosjektet Norske Filmklassikere, som den aller fyrste i serien.

Handling Kriminalforfattaren Bernhard Borge og kona hans Sonja, psykoanalytikaren Kai Bugge, tidsskriftredaktøren Gabriel Mørk, juristen Harald Gran og trulovingen hans Liljan Werner er seks menneske frå Oslo som skal besøke Bjørn Werner (broren til Liljan) på hytta hans djupt inne i Østerdalsskogane. Men då gjestene kjem fram er Werner forsvunnen, og hunden hans finn dei død ved eit tjern i nærleiken. Seinare forsvinn også ein av gjestane.

Det går ikkje lenge før dei byrjar å gruble over det gamle segnet som er knytta til staden: Ein mann skal ha drepe systera si og elskaren hennar og etterpå ha drukna seg i tjernet. Sidan heitte det seg at alle som oppheldt seg på åstaden – i hytta til mordaren – ville bli besett av ein underleg dragnad og drukne seg i tjernet.

Selskapet bestemmer seg for å oppklare mysteriet, men snart lét det til at dei sjølv blir utsette for dei gåtefulle, dragande maktene som er knytte til tjernet.

Om filmen

Mottaking De dødes tjern blei ein suksess i samtida si, og bidrog til atterreisinga av sjølvkjensla til Norsk Film. Dette blei også gjennombrotet til Kåre Bergstrøm som filmregissør. «Norsk topp-thriller», skreiv meldar VG i 1958 og gav han terningkast fem. Meldaren meinte at filmen hadde lukkast godt i \transformasjonen frå bok til film.VG - Norsk Topp-Thriller (18.12.1958, s.5)

I 1998 blei filmen kåra til den fjerde beste norske filmen gjennom tidene på eo topp 10-liste, sett saman av 101 norske filmfolk og kritikarar.

De dødes tjern er ein av ytterst få norske filmgrøssarar og blir i dag rekna som ein av klassikarane innan norsk film.

Musikk Gunnar Sønstevold skreiv filmmusikken, og musikarane var fløytisten , cellisten og harpisten .

Innspelingsstader Filmen blei spelt inn ved tre tjern:«De dødes tjern», NRK, 11. juli 2008. Lest 11. januar 2015. – eit av de tre vatna i Tryvann i Nordmarka i Oslo. Steinstjernet – ved Steinshøgda ved Kolsås i Bærum. Tjernsrudtjernet – i Bærum. (Her blei det berre tatt nokre nærbilete).

I rollene André Bjerke – Jon Mørk (i filmen har Gabriel Mørk fått nytt namn) Bjørg Engh – Sonja, kona til Bernhard Henki Kolstad – Bernhard Borge – Bjørn Werner, broren til Liljan – Kai Bugge, psykolog Henny Moan – Liljan Werner – Magne Bråten, politimann (i boka heiter han Einar Bråten) – Harald Gran – Tore Gråvik, attergangaren (i romanen heiter han Tore Gruvik) Inger Teien – Eva, venninna til Bjørn

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Trine Rein» frå , den 15. november 2021.

Kategori:Filmar frå 1958 Kategori:Norske filmar frå 1950-åra Kategori:Norske skrekkfilmar Kategori:Norske kriminalfilmar Kategori:Norske thrillerfilmar Kategori:Filmar baserte på bøker Kategori:Sort-kvitt-filmar Kategori:Filmar produserte av selskapet Norsk Film Kategori:Norskspråklege filmar Kategori:Norske mysteryfilmar