Kurt Jooss () var ein tysk ballettdansar og koreograf.
Biografi Kurt Jooss var fødd i Wasseralfingen. Allereie i ung alder var han interessert i song, musikk og kunst. Han spelte piano og var ein dyktig fotograf. Jooss starta dansekarriera si i 1920 som student hos den nyskapande koreografen Rudolf von Laban.
Jooss grunnla fleire ballettkompanier, blant dei Folkwang Academy i Essen. I koreografien blanda han klassisk ballett med teater. Gjennombrotet var verket Det grøne bordet (1932) i Rolf de Maré sin koreografikonkurranse . Verket gjorde han året før Hitler kom til makta for å vise at han tok avstand frå krig. Han fekk tidleg eit internasjonalt namn, men vart i 1933 tvungen til å flykta frå Nazi-Tyskland med dansegruppa etter at han nekta å avskjediga dei jødiske dansarane.
Ballet Jooss Dansegruppa flytta til Storbritannia og tok namnet Ballet Jooss. Ensemblet turnerte i Europa og Amerika til ut på 1950-talet. Den norske dansepioneren Gerd Kjølaas studerte hos Jooss og dansa i ensemblet hans i 1946-47.
Jooss vende i 1949 tilbake til Tyskland, der han var aktiv til han pensjonerte seg i 1968. Han døydde etter ei trafikkulykke i 1979.
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på «Kurt Jooss» frå , den 10. september 2024.
Kategori:Tyske koreografar Kategori:Tyske ballettdansarar Kategori:Tyske dansarar