Kasjutre (engelsk cashew, vitskapleg namn Anacardium occidentale eller Anacardium curatellifolium) er eit 10–12 meter høgt tropisk treslag med etande, ovale eller pæreforma «falske» frukter (hjelpefrukter) som blir kalla kasju-epler. Kasju-eple har mykt og skjørt skal og eignar seg derfor ikkje som transportprodukt.
Kasju er mest kjent i Noreg på grunn av dei etande ca. 2,5 cm lange, nyreforma, frøa som blir kalla kasjunøtter eller cashew-nøtter. Kvart kasjueple har berre éi kasjunøtt som ikkje ligg inne i fruktkjøttet, men finst i den mørke utveksten på undersida av hjelpefrukta. «Nøttene» blir brukte både som snacks og som ingrediens i matretter, anten heile eller oppmolne.
Kasjutreet kjem opphavleg frå Brasil, men i tida 1560–1565 blei treet frakta av portugisarane til den dåverande kolonien deira i Goa i India for dyrking. I dag blir det dyrka kasju i store delar av India, Asia og fleire land i Afrika.
I delstaten Rio Grande do Norte i den nordaustre delen av Brasil står det største kasjutreet i verda.
Bilete
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kasjutre» frå , den 16. september 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Etande frø Kategori:Frukt Kategori:Sumakfamilien