Weißenburg in Bayern er er ein by og ein kommune sentralt i forbundslandet Bayern i Tyskland. Kommunen har om lag 19 000 ibuarar og eit areal på 97,6 km². Byen, som ligg 22 meter over havet, hyser administrasjonen for Landkreis Weißenburg-Gunzenhausen.

Gamlebyen i Weißenburg er eit av dei mest imponerande bysentra i området. Med utgangspunkt i ein romersk busetnad voks byen opp rundt ein karolingisk kongsgard. Byen fekk status som fri keisarby tidleg på 1300-talet og beheldt denne til 1802. Det historiske bybilete er prega av den stort sett bevarte bymuren, det gotiske rådhuset, St. Andreas-kyrkja og Ellingerporten.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Weißenburg in Bayern» frå , den 18. september 2024.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Bayern