Agjeldstunnelen er ein vegtunell på fylkesveg 60 i Stryn kommune i Vestland. Tunellen har to køyrefelt. Arbeidet starta 3. september 2012, der var gjennomslag 22. januar 2013 og tunellen opna 30. juni 2014 utan nemnande seremoni. Heile anlegget på 1800 meter kosta 174 millionar kroner. Sjølve tunellen er på 960 meter.

Dette er den midtre av tre tunellar mellom Olden og Innvik, som del av ei utbetring av det som i si tid vart kåra til "Norges verste veg". Tunellen går under garden Agjeld, og under Agjeldselva.

Tunellen erstattar den rasfarlege og svært tronge vegen langs fjorden gjennom Svartehola. Den gamle vegen er open som gang- og sykkelveg i sommarhalvåret.

Sjå òg

Vegtunnelar i Noreg

Merknadar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Agjeldstunnelen» frå , den 27. september 2024.

Kategori:2014 i Noreg Kategori:6°E Kategori:61°N Kategori:Stryn kommune