Peter Opsvik () var ein norsk industridesigner og jazzsaksofonist. Særleg kjend var han som formgjevar av Tripp trapp-stolen.Om «Tripp Trapp» på Stokkes nettsider
Bakgrunn Peter Opsvik vart fødd i 1939 på Stranda. Onkelen Jon Ringstad etablerte møbelfabrikken Stranda Industri A/S der faren Nils etter kvart vart medeigar, og Opsvik fatta tidleg interesse for design. Han vart utdanna ved Bergen kunsthåndverkskole (1959–63) og Statens håndverks- og kunstindustriskole (1963–64), og var innom Volkvangschule für Gestaltung i Essen på stipend frå Norsk designråd.
Design Den første jobben Opsvik hadde som formgjevar var i Tandbergs Radiofabrikk, der han teikna berbare radioar som modellen PT3-3 (1965–70). Rundt same tida byrja han også å arbeide frilans, og designa stolar både for familiens møbelfabrikk (deriblant Ungdomsstolen, 1968) og Stokke AS (stolane Oase og Inka, 1967).
I 1970 starta han sitt eige designfirma med stolen Mini max, som kan reknast som ein forløpar til hans mest kjente verk, barnestolen Tripp trapp (1972). Ideen til denne oppstod då han vart far og nytta telefonkatalogar til å tilpasse sitjehøgda på stolar sonen Tor kunne sitje på. Til trass for tidleg skepsis tok salet av då stolen vart vist i NRK fjernsyn, og frå 1972 til 1973 auka salet frå 3 til 10 000. Tripp Trapp enda opp som den mest selde stolen produsert i Noreg, med fleire millionar sal verda over.
Sentralt for arbeidet til Opsvik er studiar av ergonomi og ulike sitjestillingar for det same møbelet, og i boka Rethinking Sitting (2008) oppsummerte han mantraet sitt som «den beste stillinga er den neste». Balans®-stolene Variable (1979), Gravity (1983) og Thatsit (1991) vart produsert av Stokke i samarbeid med Hans Christian Mengshoel. Kontorstolane Credo og Capisco vart produsert av HÅG, som Opsvik også gjorde andre design for. Den spiralfjæra Flysit (1990), gyngestolen Actutulum (1995) og hengestolen Swing, inspirert av urfolkskunst frå Mexico (1999) er andre kjende namn. I tillegg til møblar designa Opsvik også den solkraft-drivne bilen Butterfly og ulike lydskulpturar. mini|Tripp trapp-stolen i sitt naturlege habitat.
Musikk Som klarinettist og saksofonist i Christiania Jazzband og Christiania 12 medverka han på ei rekke festivalar og innspelingar. Christiania Jazzband fekk Spellemannprisen for Årets jazzplate i 1973.
Familie Peter Opsvik var far til musikaren Eivind Opsvik.
Priser og utmerkingar Balans-gruppen (Hans Chr. Mengshoel, Opsvik, Svein Gusrud og Oddvin Rykken) vann Jacobprisen i 1986. Årets møbel for stolen Oposit på Den norske møbelmessa i 1989. Norsk designråds «Merket for god design» fleire gongar mellom 1972-2011 Torsten og Wanja Söderbergs pris i 2000 Klassikerprisen frå Norsk Designråd for Tripp Trapp 1995, for Håg Capisco 2001, og for Håg Balanse 2003 Nordiska Designpriset i 2007, som delast ut på møbelmessa i Stockholm Anders Jahres kulturpris 2008. Jacobprisen 2012 for Tripp Trapp
Bibliografi Peter Opsvik. Rethinking sitting. Gaidaros forlag, 2008. 206 sider. ISBN 978-82-8077-119-3 Tysk utgåve: Sitzen – anders betrachtet. Gaidaros, 2008. ISBN 978-82-8077-127-8 USA: Rethinking sitting. New York: Norton & Co., 2009 ISBN 978-0-393-73288-7 Japan: "Suwaru" o kangae naosu : isu no seikatsu ni kakushinteki na kinôsei dezain. Gaia Bukkusu, 2009. ISBN 978-4-88282-730-6 Peter Opsvik, Norge : Torsten och Wanja Söderbergs pris 2000. Lars Elton og Peter Opsvik. Göteborg: Röhsska museet, 2000. 31 sider. Parallell tekst på svensk og engelsk. ISBN 91-973017-3-6
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Peter Opsvik» frå , den 3. oktober 2024.
Bakgrunnsstoff Opsvik.no
Kategori:Norske møbeldesignerar Kategori:Norske jazzsaksofonistar Kategori:Æresdoktorar ved Universitetet i Bergen Kategori:Folk frå Stranda