Det skotske kammerorkesteret (Scottish Chamber Orchestra) er eit kammerorkester frå Skottland og er eit av dei fem nasjonalscenekunstensembla i landet. Orkesteret blei skipa i 1974 og har base i Edinburgh. Kvart år turnerer orkesteret i store delar av Skottland, og opptrer i tillegg ofte i andre delar av verda.

Orkesteret har vore med på over 150 utgjevingar. Det blei nominert til Spellemannprisen 2009 i klassen samtidsmusikk for Plays Hallgrimson, som blei gitt ut med cellisten Truls Mørk og dirigenten John Storgårds.

Hovuddirigentar

Roderick Brydon (1974–1983) Jukka-Pekka Saraste (1987–1991) Ivor Bolton (1994–1996) Joseph Swensen (1996–2005) Robin Ticciati (2009–2018) Maxim Emelyanychev (2019–)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Det skotske kammerorkester» frå , den 8. oktober 2024.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Skotske musikkgrupper Kategori:Kammermusikk Kategori:Skipingar i 1974