Riksefamilien, rikser (Rallidae) er ein stor biologisk familie i ordenen tranefuglar (Gruiformes) av små til mellomstore fuglar med kort og rund kropp. Dei har breie og korte venger. Familien viser monaleg mangfald og omfattar òg pupurhøner og sothøner. Mange artar er knytte til våtmarker, sjølv om familien er funnen i alle habitat på bakken, med unnatak av tørre ørkenar, polare regionar og alpine område over snøgrensa. Medlemmer av riksefamilien finst på alle kontinenta unntatt Antarktis. Det er mange artar med leveområde på isolerte øyar. Vanlege habitat er myr eller tett skog, dei føretrekk ofte tett vegetasjon.Horsfall & Robinson (2003): s. 206-207
Morfologi mini|Takahe (Porphyrio hochstetteri) viser dei korte, mjuke og luftige vengefjørene som er typiske for rikser utan flygeevne
Rikser er ein ganske homogen familie av små til mellomstore bakkelevande fuglar. Dei varierer i lengd frå 12 til 63 centimeter og i vekt frå 20 til 3000 gram. Utforminga av nebbet er variabelt innanfor familien: Hos nokre artar er det lengre enn hovudet, som hos klaprerikse, i andre kan det vere kort og breitt som blant sothøner, eller massivt, som hos purpurhøner.Horsfall & Robinson (2003): s. 208 Nokre sothøner, purpurhøner og sivhøner har eit frontalt skjold, som er ei kjøttfull forlenging av øvre nebb som dekkjer framhovudet. Det mest komplekse frontalskjoldet finst hos hornsothøne.Horsfall & Robinson (2003): s. 210 Rikser viser svært liten kjønnsdimorfisme både i fjørdrakt og i storleik.
Vengene på alle rikser er korte og avrunda. Artane som har flygeevne kan halde seg i flukt over lengre tid, og mange artar migrerer årleg. Men veikskapen ved flyginga deira gjer at dei lett blir blåsne ut av kurs, og dermed er dei vanlege streiffuglar, ein eigenskap som òg har ført til at dei har kolonisert mange isolerte oseaniske øyar. Vidare vil desse fuglane ofte føretrekke å springe i staden for å flyge, spesielt i tette habitat. Nokre er òg utan flygeevne i ein del av myteperioden.Horsfall & Robinson (2003): s. 209
Mange med leveområde på isolerte øyar er utan flygeevne fordi små øyhabitat utan predatorar eliminerer trongen til å flytte seg snøgt. Flyging er energikrevjande, brystbeinkammen og flygemusklane tar opp ein fjerdedel av kroppsmassen av rikseartar. Reduserte flygemusklar, med ei tilsvarande senking av metabolske krav, sparer riksene som ikkje kan flyge for energibruk.McNab, B.K. & Ellis, H.I. (2006): Flightless rails endemic to islands have lower energy expenditures and clutch sizes than flighted rails on islands and continents. Comparative Biochemistry and Physiology A - Molecular & Integrative Physiology 145(3): 295-311. (HTML fulltext) På grunn av dette, kan fuglar utan flygeevne lettare overleve og kolonisere ei øy der ressursar elles er avgrensa.McNab, B.K. (1994): Energy conservation and the evolution of flightlessness in birds. American Naturalist 144(4): 628-642. HTML abstract and first page image Tap av flygeevne kan utvikle seg svært raskt hos øyartar, det tok så lite som 125 000 år for den no utdøydde laysanriksa, Porzana palmeri, å miste evna til flyging og å utvikle reduserte, butte venger berre nyttige for å halde balansen til fots.Slikas, B.; Olson, Storrs L. & Fleischer, R.C. (2002): Rapid, independent evolution of flightlessness in four species of Pacific Island rails (Rallidae): an analysis based on mitochondrial sequence data. J. Avian Biol. 33(1): 5-14. (HTML fulltext)
Åtferd og økologi Generelt er medlemmer av riksefamilien allsidige altetande. Mange artar et virvellause dyr, og dessutan frukt eller frøplanter. Nokre artar er i hovudsak vegetariske. Lydytringar frå artar i riksefamilien varierer, dei er ofte ganske høglydde. Lætet er nokre fløyteliknande eller pipande tonar, medan andre ikkje liknar fuglelæte.Horsfall & Robinson (2003): s. 207 Rikseartar som trekkjer gjer det på natta.
Dei mest typiske familiemedlemmene okkupere tett vegetasjon i fuktige omgivnader nær innsjøar, sumpar eller elvar. Takrøyrbelte er spesielt nytta habitat.
Dei fleste hekkar i tett vegetasjon. Generelt er dei skye, lydlause og vanskelege å observere. Typisk spring riksene energisk på sterke bein, og har lange tær som er godt tilpassa mjuke, ujamne overflater. Sjølv om dei er generelt svake flygarar, er dei likevel i stand til å dekke lange avstandar.
Mange artar i takrøyrbeltet er lydlause, bortsedd frå når dei nyttar rop, og dei er aktive i tussmørke. Sothøner er meir tilpassa opne vatn enn slektningane, og nokre andre store artar er sultanhøne og sivhøner. Den største riksa er arten takahe, på 65 cm og 2,7 kg.
Reproduksjon Hekkebiologien for mange rikseartar er dårleg forstått eller er ukjent. Dei fleste blir trudd å vere monogame, sjølv om polygyni og polyandri har vorte rapportert.Horsfall & Robinson (2003): s. 209-210 Som oftast legg dei fem til ti egg. Kullstorleikar frå eit til femten egg er kjende. Ungane sym eller går etter nokre dagar, ofte er dei avhengige av foreldra sine fram til dei kan flyge etter rundt ein månad.
Trugsmål og vern mini|Guamrikse er eit døme på ein øyart som vart sterkt påverka av framande artar Rikser har lidd uforholdsmessig frå menneskelege endringar i miljøet, og det er estimert at fleire hundre artar av rikser med utbreiing på øyar har vorte utrydda på grunn av dette. Fleire øyartar av rikser er framleis truga, og naturvernorganisasjonar og styresmakter held fram med å arbeide for å motverke utrydding.
Nokre større, og talrike artar er jaktfuglar for menneske og egga blir nytta som matkjelde.Horsfall & Robinson (2003): s. 211 Wakerikse, Gallirallus wakensis blei jakta til utrydding av ein svolten japansk garnison etter at Wakeøya blei avskoren frå forsyningar under den andre verdskrigen.BirdLife International (2012) Species factsheet: Wake Island Rail Gallirallus wakensis . Henta frå http://www.birdlife.org den 12. august 2012. Minst to artar, sivhøne og amerikapurpurhøne, har blitt vurdert å vere skadedyr.
Ettersom mange av øyartane har hatt ein tendens til å tape flygeevna, var dei vore ute av stand til å takle introduserte artar. Dei mest dramatiske menneskeskapte utryddingane skjedde i Stillehavet når folk koloniserte øyane i Melanesia, Polynesia og Mikronesia. Det er estimert at 750-1800 fugleartar blei utrydda frå Stillehavsøyar, halvparten rikser.Steadman, David William (2006): Extinction and Biogeography of Tropical Pacific Birds. University of Chicago Press. ISBN 0-226-77142-3. Einskilde artar som kom nær utrydding, slik som moserikse, og takahe, har gjort moderat framgang igjen på grunn av innsatsen til naturvernorganisasjonar. Guamrikse kom faretruande nær utrydding då slangearten Boiga irregularis blei introdusert på Guam. Nokre av dei siste attverande individ av guamrikse blei tatt i fangenskap og formeirer seg godt, men freistnadar på å gjeninnføre ho har gjeve blanda resultat.
Artsliste mini|høgre|Raudbeinrikse, Rallina fasciata mini|høgre|Vassrikse, Rallus aquaticus mini|høgre|Ung myrrikse (Porzana porzana) mini|høgre|Bandrikse (Gallirallus philippensis) Det finst om lag nolevande 133 artar fordelt over 34 biologiske slekter, 16 av desse er monotypiske, (inneheld berre ein art). Fram til nyleg var dunrikser ein del av familien, men Clementslista gjer dunrikser til ein sjølvstendig familie frå versjon 6.8 i 2013.
Rikser i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler: Slekt Himantornis Nkulengurikse, Himantornis haematopus, Nkulengu Rail, Hartlaub, 1855, (LC) Slekt Coturnicops Mandarinrikse, Coturnicops exquisitus, Swinhoe's Rail, Swinhoe, 1873, (VU) Okerrikse, Coturnicops noveboracensis, Yellow Rail, Gmelin, 1789, (LC) Alverikse, Coturnicops notatus, Speckled Rail, Gould, 1841, (LC) Slekt Micropygia Droplerikse, Micropygia schomburgkii, Ocellated Crake, Schomburgk, 1848, (LC) Slekt Rallina Raudrikse, Rallina rubra, Chestnut Forest-Rail, Schlegel, 1871, (LC) Irianrikse, Rallina leucospila, White-striped Forest-Rail, Salvadori, 1875, (NT) Svartvengrikse, Rallina forbesi, Forbes's Rail, Sharpe, 1887, (LC) Brunvengrikse, Rallina mayri, Mayr's Rail, Hartert, 1930, (DD) Rusthovudrikse, Rallina tricolor, Red-necked Crake, Gray, 1858, (LC) Andamanrikse, Rallina canningi, Andaman Crake, Blyth, 1863, (NT) Raudbeinrikse, Rallina fasciata, Red-legged Crake, Raffles, 1822, (LC) Gråbeinrikse, Rallina eurizonoides, Slaty-legged Crake, Lafresnaye, 1845, (LC) Slekt Hapalocrex Gulbrystrikse, Hapalocrex flaviventer, Yellow-breasted Crake, Boddaert, 1783, (LC) Slekt Laterallus Rustsiderikse, Laterallus levraudi, Rusty-flanked Crake, Sclater & Salvin, 1868, (EN) Kanelrikse, Laterallus melanophaius, Rufous-sided Crake, Vieillot, 1819, (LC) Hetterikse, Laterallus ruber, Ruddy Crake, Sclater & Salvin, 1860, (LC) Surrerikse, Laterallus albigularis, White-throated Crake, Lawrence, 1861, (LC) Gråbrystrikse, Laterallus exilis, Gray-breasted Crake, Temminck, 1831, (LC) Galapagosrikse, Laterallus spilonota, Galapagos Rail, Gould, 1841, (VU) Perlerikse, Laterallus jamaicensis, Black Rail, Gmelin, 1789, (NT) Kvitbringerikse, Laterallus leucopyrrhus, Red-and-white Crake, Vieillot, 1819, (LC) Paraguayrikse, Laterallus xenopterus, Rufous-faced Crake, Conover, 1934, (VU) Slekt Nesoclopeus Salomonrikse, Nesoclopeus woodfordi, Woodford's Rail, Ogilvie-Grant, 1889, (NR) Slekt Gallirallus Wekarikse, Gallirallus australis, Weka, Sparrman, 1786, (VU) Kanakrikse, Gallirallus lafresnayanus, New Caledonian Rail, Verreaux & Des Murs, 1860, (CR) Moserikse, Gallirallus sylvestris, Lord Howe Rail, Sclater, 1869, (EN) Okinawarikse, Gallirallus okinawae, Okinawa Rail, Yamashina & Mano, 1981, (EN) Bandrikse, Gallirallus philippensis, Buff-banded Rail, Linné, 1766, (LC) Bismarckrikse, Gallirallus insignis, New Britain Rail, Sclater, 1880, (NT) Guamrikse, Gallirallus owstoni, Guam Rail, Rothschild, 1895, (EW) Mustasjerikse, Gallirallus torquatus, Barred Rail, Linné, 1766, (LC) Calayanrikse, Gallirallus calayanensis, Calayan Rail, Allen, Oliveros, Espanola, Broad & Gonzalez, 2004, (VU) Rovianarikse, Gallirallus rovianae, Roviana Rail, Diamond, 1991, (NT) Orientrikse, Gallirallus striatus, Slaty-breasted Rail, Linné, 1766, (LC) Slekt Crex Åkerrikse, Crex crex, Corn Crake, Linné, 1758, (LC) Slekt Rougetius Etiopiarikse, Rougetius rougetii, Rouget's Rail, Guérin-Méneville, 1843, (NT) Slekt Aramidopsis Bambusrikse, Aramidopsis plateni, Snoring Rail, Blasius, 1886, (VU) Slekt Atlantisia Tristanrikse, Atlantisia rogersi, Inaccessible Island Rail, Lowe, 1923, (VU) Slekt Rallus Spartinarikse, Rallus obsoletus, Ridgway's Rail, Ridgway, 1874, (NT) Aztekrikse, Rallus tenuirostris, Aztec Rail, Ridgway, 1874, (NT) Marskrikse, Rallus longirostris, Mangrove Rail, Boddaert, 1783, (LC) Kongerikse, Rallus elegans, King Rail, Audubon, 1834, (NT) Klaprerikse, Rallus crepitans, Clapper Rail, Gmelin, 1789, (LC) Venezuelarikse, Rallus wetmorei, Plain-flanked Rail, Zimmer & Phelps, 1944, (EN) Grynterikse, Rallus limicola, Virginia Rail, Vieillot, 1819, (LC) Andesrikse, Rallus semiplumbeus, Bogota Rail, Sclater, 1856, (EN) Patagoniarikse, Rallus antarcticus, Austral Rail, King, 1828, (VU) Vassrikse, Rallus aquaticus, Water Rail, Linné, 1758, (LC) Brunkinnrikse, Rallus indicus, Brown-cheeked Rail, Blyth, 1849, (LC) Afrikarikse, Rallus caerulescens, African Rail, Gmelin, 1789, (LC) Madagaskarrikse, Rallus madagascariensis, Madagascar Rail, Verreaux, 1833, (VU) Slekt Lewinia Luzonrikse, Lewinia mirifica, Luzon Rail, Parkes & Amadon, 1959, (DD) Brunnakkerikse, Lewinia pectoralis, Lewin's Rail, Temminck, 1831, (LC) Aucklandrikse, Lewinia muelleri, Auckland Islands Rail, Rothschild, 1893, (VU) Slekt Dryolimnas Kvitstruperikse, Dryolimnas cuvieri, White-throated Rail, Pucheran, 1845, (LC) Slekt Crecopsis Grasrikse, Crecopsis egregia, African Crake, Peters, 1854, (LC) Slekt Aramides Kjemperikse, Aramides ypecaha, Giant Wood-Rail, Vieillot, 1819, (LC)
