Cécile McLorin Salvant () er ein fransk-amerikansk jazzsongar.. Salvant er ein av dei mest respekterte jazzsongarane i sin generasjon, og vinn ofte dei årlege DownBeat-undersøkingane blant kritikarar. Ho har gitt ut sju album sidan 2010, og seks av dei er blitt nominerte til grammyprisar. Ho har vunne Grammy Award for Best Jazz Vocal Album tre gonger - for albumet sitt For One to Love frå 2015, for Dreams and Daggers frå 2017 og for The Window frå 2018. Medan dei føreståande albuma blei gjevne ut på Mack Avenue-merket, kom albumet Melusine frå 2023 ut på Nonesuch Records. Salvant syng hovudsakleg på engelsk eller fransk, som er morsmålet hennar, men har òg spelt inn songar på oksitansk og haitisk kreol.

Bakgrunn Cécile Sophie McLorin Salvant blei fødd i Miami i Florida i 1989. Far hennar, som er haitisk, er lege, medan mor hennar, som er fransk, er grunnleggjar og leiar for ein fransk språkbadskule i Miami. Salvant byrja å studere klassisk piano då ho var fem, og byrja å synge i Miami Choral Society då ho var åtte. Ho utvikla etterkvart ei interesse for klassisk song, og byrja å studere med private instruktørar, og seinare med Edward Walker, som var vokallærar ved University of Miami. Ho sa i 2015: «Eg var heldig nok til å veksa opp i ein heim der me høyrde på alle typar musikk. Me høyrde haitiansk, hip hop, soul, klassisk jazz, gospel og cubansk musikk, for å nemna nokre. Når du har tilgang til det som barn, opnar det berre opp verda di.»

I 2007 flytta Salvant til Aix-en-Provence i Frankrike for å studera både juss og klassisk og barokk song ved Darius Milhaud Conservatory. Ho byrja sin overgang til jazz medan ho studerte ved Darius Milhaud Conservatory i 2007, og studerte òg komposisjon og musikkteori ved The New School.Chinen, Kaplan, Fred "Cécile McLorin Salvant’s Timeless Jazz", The New Yorker, 15. mai 2017. Det var i Aix-en-Provence, med musikaren og læraren Jean-François Bonnel, at ho studerte improvisasjon, instrumental og vokalrepertoar, og song med det fyrste bandet sitt.

Musikalsk karriere Salvant har sjølv sagt at ho blei mykje påverka av Sarah Vaughan, og ho har barndomsminne om å lytta til songane hennar oppatt og oppatt.Sjølv om ho er sterkt påverka av Sarah Vaughan, er ho òg påverka av vokalistar som Billie Holiday, Bessie Smith og Betty Carter. Ho skildrar lyden sin som jazz og blues, med element frå folk og musikalsk teater. Ho skriv musikk og tekster som ho òg synger på fransk, sitt morsmål, og på spansk. Ho er populær i Europa og USA, og opptrer i klubbar, konserthallar og festivalar saman med kjende musikarar. Salvant har opptredd på jazzklubbar og festivalar som Ronnie Scott's i London,Lauren, Jade, "Cecile McLorin Salvant at Ronnie Scott's" , London Jazz News, 8. oktober 2013. Newport Jazz Festival i Rhode Island og Village Vanguard i New York.Chinen, Nate, "Cécile McLorin Salvant, With Refined Power, Performs at the Jazz Standard", The New York Times, August 19, 2015.Kaplan, Fred, "Cécile McLorin Salvant's Timeless Jazz", The New Yorker, 22. mai 2017.

I 2010 gav Salvant ut det fyrste albumet sitt, Cécile & the Jean-François Bonnel Paris Quintet. Kort tid etter, då ho var 21, vann ho Thelonious Monk International Jazz Competition for vokalistar. Fyrsteprisen inkluderte ein platekontrakt med Mack Avenue Records, som ho gav ut dei neste fem albuma sine på.

I 2013 gav ho ut det andre albumet sitt, WomanChild, som blei nominert til ein grammypris i 2014 i kategorien Best Vocal Jazz Album. Songane på WomanChild omfattar både eigne komposisjonar og andre sine verk, frå 1800-talet og fram til 2000-talet. Salvant valde songar til dette albumet som ho følte hadde ei personlig tilknyting til livet sitt.

I september 2015 gav Salvant ut det andre albumet sitt på Mack Avenue Records, For One to Love. Til dette albumet valde ho ut songar som fokuserte på sterke kvinner og sjølvstende. Albumet inneheld fem originale verk og jazzstandarder. I 2016 vann albumet ein grammypris for Best Vocal Jazz Album. To år seinare vann det tredje albumet hennar med Mack Avenue, Dreams and Daggers, ein grammypris i same kategori.

Salvant har turnert med Jazz at Lincoln Center Orchestra, og musikkdirektøren Wynton Marsalis blei sitert i New Yorker i 2017 om Salvant: «Du får ein songar som dette ein gong i ein generasjon eller to.»Kaplan, Fred, "Cécile McLorin Salvant's Timeless Jazz", The New Yorker, 22. mai 2017.

I januar 2023 kunngjorde Nonesuch Records at Salvant skulle gje ut sitt sjuande album med dei. Albumet, Mélusine, fortel den europeiske segna om Melusine, og inneheld fordetmeste songar framførte på fransk og haitisk. Albumet blei gjeve ut digitalt den 24. mars 2023.

Salvant har sunge i reklamar for Chanel sitt produktmerke Chance.

Prisar og utmerkingar

Thelonious Monk International Jazz Competition (2010) Jazz Album of the Year, DownBeat Critics Poll, WomanChild (2014) Best Vocal Jazz Album, grammynominasjon, WomanChild (2014) Top Vocal Album, NPR Music Jazz Critics Poll 2014, WomanChild, Female Vocalist of the Year, 2015, Jazz Journalists Association Top Vocal Album, NPR Music Jazz Critics Poll 2015, For One to Love Grammy Award for Best Jazz Vocal Album 2016, For One to Love Paul Acket Award 2016 Grammy Award for Best Jazz Vocal Album 2018, Dreams and Daggers Jazz Album of the Year, DownBeat Critics Poll, Dreams and Daggers (2018) Grammy Award for Best Jazz Vocal Album 2019, The Window Glenn Gould Protege Prize Recipient, tildelt av Jessye Norman ved Glenn Gould Prize Gala (2019) MacArthur Genius Grant Winner (2020) Jazz Journalists Association's Jazz Award for Female Vocalist of the Year (2022)

Cécile & the Jean-François Bonnel Paris Quintet (2010) WomanChild (2013) For One to Love (2015) Dreams and Daggers (2017) The Window (2018) Ghost Song (2022) Mélusine (2023)

Samarbeid

Jacky Terrasson, "Je te veux" og "Oh My Love" på Gouache (2012) It's Christmas on Mack Avenue (2014) Federico Britos Presents Hot Club of the Americas (2015) Jazz at Lincoln Center Orchestra, Big Band Holidays (2015) Fred Nardin, Jon Boutellier, Watt's (2016)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Cécile McLorin Salvant» frå , den 10. oktober 2024.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Afroamerikanske jazzmusikarar Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:USA-amerikanske kvinnelege jazzsongarar