Monsholmen er ei øy i Herøy kommune i Møre og Romsdal, i tettstaden Fosnavåg. Holmen ligg i sundet mellom Bergsøya og Leinøya, og vegen mellom dei to øyane går over han.
På Monsholmen er det funne spor av menneskeleg aktivitet frå steinalderen, i form av reiskapar av flint og skifer. Holmen vart busett første gong i nyare tid rundt midten av 1600-talet, og har vore busett sporadisk sidan då. I dag er det fleire bustadhus på holmen.
Kjelder
Bjarne Rabben, Herøyboka. Gardar og folk II, Herøy sogelag, 1963 Kulturminnesøk
Kategori:Øyar i Herøy i Møre og Romsdal