Balestrand-Hella-Fjærland var eit ferjesamband i Indre Sogn mellom Balestrand og Fjærland i dåverande Balestrand kommune, med stopp på Hella i dåverande Leikanger kommune. Fjærland var den største veglause fjordbygda i dåverande Sogn og Fjordane fylke fram til sambandet opna 15. mai 1974.
I 1986 opna ny Riksveg 625 med Fjærlandstunnelen mellom Fjærland ferjekai og Skei i Jølster, og med dette vart ferjesambandet ein sentral del av den nye heilårlege hovudvegen mellom Indre Sogn og Fjordane i åtte år framover. For i 1994 opna ny veg og tunnelar mellom Bøyaøyri og Sogndalsfjøra som del av nye Riksveg 5, og sambandet vart nedlagd.
Frå 2000 og nokre år framover gjekk det sumarferjer på denne strekninga.
Kjelder
Kategori:Tidlegare ferjesamband i Vestland Kategori:Samferdsle i Sogndal Kategori:Skipingar i 1974 Kategori:Nedleggingar i 1994