Kina (valutakode: PGK) er valutaen i Papua Ny-Guinea. Valutaen er delt inn i 100 toea. Namnet kina kjem frå og refererer til perleskjel som blei nytta som valuta.
Papuansk kina blei innført 19. april 1975 og erstatta australsk dollar i overgangsfasen før Papua Ny-Guinea fekk sjølvstende frå Australia 16. september 1975. Den australske dollaren slutta å være gangbar valuta i Papua Ny-Guinea 1. januar 1976. Tidlegare har både (australsk kolonivaluta) og (tysk kolonivaluta) vore brukt.
Myntar I 1975 blei myntar sette i sirkulasjon, i valørane 1, 2, 5, 10 og 20 toea i tillegg til 1 kina. Myntane for 1 og 2 toea blei prega i bronse, medan dei resterande myntane blei prega i koparnikkel. 1 kina-mynten er rund med hol i midten; mynten blei redusert i storleik i 2006 og den større mynten blei ugyldig som betalingsmiddel frå 31. desember 2008. I 2006 blei myntane for 1 og 2 toea tatte ut av sirkulasjon og blei ugyldige som betalingsmidlar frå 19. april 2007. Framsida av ein 1 toea-mynt viste ei fuglevinge, medan ein 2 toea-mynt viste ein . I 1980 blei 50-toeamynten introdusert, men berre gjeven ut i minneform utan standarddesign. I 2021 blei 50-toeamynten sett i sirkulasjon, med fuglefangar-motivet som blei brukt på den tidlegare 1 toea-mynten.
Valør I sirkulasjon siden Legering Form Diameter Rand Framside Bakside Ring Senter 5 toea Koparnikkel 10 toea Koparnikkel 20 toea Koparnikkel 50 toea Koparnikkel 1 kina Koparnikkel
Setlar Den 19. april 1975 blei setlar sette i sirkulasjon, i valørane 2, 5 og 10 kina, som erstatta den australske dollaren. Kina-setlane var i sirkulasjon saman med den australske dollaren fram til 1. januar 1976, då dollaren slutta å vere gangbar betalingsmiddel. 20 kina-setelen blei introdusert i 1977, 50 kina-setelen i 1988 og 100 kina-setelen i 2005. Fargene på dei forskjellige valørane er dei same som dei gjeldande og tidlegare australske dollarsetlane. Frå og med 1991 har dei papuanske setlane blitt trykte på polymer. I 2009 gav Bank of Papua New Guinea ut Kina & Toea Day-minnesetlar, som blei trykte på papir.
Ein ny serie med setlar blei i ein periode frå 1999 til 2008 sette ut i sirkulasjon. Den fyrste setelen var 50 kina-setelen i 1999, etterfølgd av 1000 kina-setelen i 2005, 2 og 20 kina i 2007 og 5 og 10 i 2008.Papua New Guinea BanknoteNews.com. Retrieved 2008-04-29. Dette førte til at samtlege valørane av kinasetlane blei gjevne ut i polymer. Bank of Papua New Guinea slutta å akseptere papirsetlar frå 31. desember 2014 og er ikkje lenger gangbar som betalingsmiddel.
Papuanske kina-setlar (1975-serien) Bilete Valør Framside Bakside Merknadar 2 kina Paradisfugl, spyd, utskoren "timeglas"-tromme (typisk for høglandet og det årlege Goroka-showet) Artefaktar Kvitt trykk på alle hjørna av setelen 5 kina Paradisfugl, spyd, utskoren "timeglas"-tromme (typisk for høglandet og det årlege Goroka-showet) Maske Kvitt trykk på alle hjørna av setelen 10 kina Paradisfugl, spyd, utskoren "timeglas"-tromme (typisk for høglandet og det årlege Goroka-showet) Skål, ring, artefaktar Kvitt trykk på alle hjørna av setelen 20 kina Paradisfugl, spyd, utskoren "timeglas"-tromme (typisk for høglandet og det årlege Goroka-showet) Villsvin, sjøsnigel Kvitt trykk på alle hjørna av setelen
Papuanske kina-setlar (1981-serien) Bilete Valør Framside Bakside Merknadar 2 kina Paradisfugl, spyd, utskoren "timeglas"-tromme (typisk for høglandet og det årlege Goroka-showet) Artefakter Farga trykk på heile setelen, med unnatak av vassmerke-området. 5 kina Paradisfugl, spyd, utskoren "timeglas"-tromme (typisk for høglandet og det årlege Goroka-showet) Maske Farga trykk på heile setelen, med unnatak av vassmerke-området. 10 kina Paradisfugl, spyd, utskoren "timeglas"-tromme (typisk for høglandet og det årlege Goroka-showet) Skål, ring, artefaktar (Fyrste utgpve): Lysare fargetonar brukt på heile setelen, med unnatak av vassmerke-området. 10 kina Paradisfugl, spyd, utskoren "timeglas"-tromme (typisk for høglandet og det årlege Goroka-showet) Skål, ring, artefakter (Andre utgåve): Mørkare fargetonar brukt på heile setelen, med unnatak av vassmerke-området; tillegg av registreringseininga på høgre side av setelen 20 kina Paradisfugl, spyd, utskoren "timeglas"-tromme (typisk for høglandet og det årlege Goroka-showet) Villsvin, sjøsnigel Farga trykk på heile setelen, med unnatak av vassmerke-området. 50 kina Parlamentsbygget i Port Moresby Statsminister Michael Somare (1936–2021)
Papuanske kina-setlar (noverande serie) Bilete Valør Framside Bakside Merknadar 2 kina Parlamentsbygget i Port Moresby Artefaktar Trykt på polymer og dei to fyrste siffera i serienummeret er dei to siste siffera i året setlane er trykte. 5 kina Parlamentsbygget i Port Moresby Maske Trykt på polymer og dei to fyrste siffera i serienummeret er dei to siste siffera i året setlane er trykte. 10 kina Parlamentsbygget i Port Moresby Skål, ring og artefaktar Trykt på polymer og dei to fyrste siffera i serienummeret er dei to siste siffera i året setlane er trykte. 20 kina Parlamentsbygget i Port Moresby Villsvin, sjøsnigel Trykt på polymer og dei to fyrste siffera i serienummeret er dei to siste siffera i året setlane er trykte. 50 kina Parlamentsbygget i Port Moresby Statsminister Michael Somare Trykt på polymer og dei to fyrste siffera i serienummeret er dei to siste siffera i året setlane er trykte. 100 kina Parlamentsbygget i Port Moresby Tankskip, fly, lastebil, radiotårn Trykt på polymer og dei to fyrste siffera i serienummeret er dei to siste siffera i året setlane er trykte.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Papuansk kina» frå , den 18. oktober 2024.
Kategori:Valuta Kategori:Papua Ny-Guinea