Cupfinalen i fotball 1989 var den 82. finalen i rekka av norske meisterskap i fotball for menn. Finalen vart avgjort gjennom omkamp sundag 29. oktober på Ullevaal stadion i Oslo, etter den fyrste finalekampen enda uavgjort. Viking Fotballklubb sikra seg kongepokalen for fjerde gong, då laget frå Stavanger sigra over Molde Fotballklubb med 2–1.

Finalekampane På Ullevaal stadion den 22. oktober såg 23 000 menneske Vikings Alf Kåre Tveit skyte ballen i krysset i det 23 minutt. Etter ein times spel la Per Holmberg på til 2–0. Ti minutt seinare reduserte innbytaren Øystein Neerland. I sluttminutta pressa Molde på og straks før dommaren bles i fløyta utlikna Petter Belsvik til 2–2. Tilleggstida på 30 minutt førte ikkje til endring i målprotokollen og ein ny kamp måtte til for å skilje laga. Rune Pedersen, medlem i Sprint-Jeløy, dømde kampen.

9 856 tilskodarar møtte til omkampen sundag 29. oktober. Eit sjølvmål førte Viking i tet etter 15. minutt. Geir Sperre utlikna for Molde i det 38. minutt. Berre to minutt ut i andre omgang vart Alf Kåre Tveit matchvinnar. Kampen «ble liksom et nachspiel med folk som bare hadde lyst til å legge seg». Det var lite spel, «mest sparking – både på ballen og på motstandernes legger». Særleg gjekk det ut over Molde-spelarane. Egil Nervik frå Freidig «var en dårlig cupfinaledommer».

Laga Viking sitt meisterlag bestod i omkampen av Lars Gaute Bø, Kent Christiansen, Ingve Bøe, Roger Nilsen, Svein Fjælberg (kaptein), Trond Egil Soltvedt, Per Holmberg, Kjell Jonevret, Egil Fjetland, Alf Kåre Tveit, Jan Fjetland. Geir Malmedal deltok frå det 53. og Rune Gjerde frå det 84. minutt, ut gjekk høves Egil Fjetland og Tveit. Endre Tangen spelte siste 17 minutta i den fyrste kampen.

Molde stilte med Thor André Olsen, Hugo Hansen, Knut Hallvard Eikrem, Ulrich Møller, Ole Erik Stavrum, Geir Sperre, Øyvind Leonhardsen, Morten Kristiansen, Ronald Wenaas, Jostein Flo og Petter Belsvik. Stein Olav Hestad spelte siste halvtimen i staden for Eikrem. I den fyrste finalekampen var Øystein Neerland innbytar for same Eikrem.

Kjelder Bergens Arbeiderblad 22.oktober 1989 Bergens Arbeiderblad 29.oktober 1989

Kategori:NM i fotball Kategori:Sport i Noreg i 1989 Kategori:Idrettstilskipingar i Oslo Kategori:Noregsmeisterskap i 1989