Terøya er ei øy i Haram kommune, mellom Bjørnøya i vest og fastlandet i Haram i aust. Øya har vegsamband til fastlandet.

Det er nemnt folk som budde på øya i dei eldste norske skattemanntala frå 1520, og ho kan ha vore busett samanhengande sidan vikingtida eller før. I nyare tid er det bygd eit byggefelt på øya, som vert definert som del av tettstaden Søvik.

Terøya var del av Borgund kommune fram til 1965.

Folketalsutvikling: 1801Folketeljing 1801 for Borgund prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Borgund herred, frå Digitalarkivet 9 19

Kjelder

Ragnar Øvrelid, Borgund og Giske, band IV, Borgund og Giske Bygdeboknemnd, 1973

Kategori:Øyar i Haram