Blues er ein musikksjanger basert på bruken av blåtonar. Han oppstod i afroamerikanske samfunn i USA ut frå negro spirituals, arbeidssongar, og enkle balladar på rim. Bruken av blåtonar og call and response (kall og korsvar) i musikken og tekstane er den afrikansk påverknaden på sjangeren.
Blues påverka seinare amerikansk og vestleg popmusikk, sidan han danna grunnlaget for jazz, rhythm and blues og bluegrass. I 1960- og 1970-åra vart ei blandingsform kalla bluesrock utviklinga frå blues og forskjellige former for rock 'n' roll.
Namnet Uttrykket «the blues» viser til «the blue devils» («dei blå demonane») som står for nedstemte kjensler, melankoli og sorgmod. Ein tidleg referanse til «the blues» finn ein i George Colman sin farse Blue devils (1798).«Trésor de la Langue Française informatisé» gjev opphavet til ordet «blues» og George Colman sin farse er første gong uttrykket dukkar opp i engelsk språk, sjå http://atilf.atilf.fr/dendien/scripts/fast.exe?mot=blues
Sjølv om bruken av uttrykket i afroamerikansk musikk kan vere eldre, vert songen «Dallas Blues» av Hart Wand frå 1912 rekna som den første blues-songen.Davis, Francis. The History of the Blues. New York: Hyperion, 1995.Eric Partridge, A Dictionary of Slang and Unconventional English, 2002, Routledge (UK), ISBN 0-415-29189-5 I tekstar vart uttrykket ofte nytta for å skildre ei nedtrykt stemning.Tony Bolden, Afro-Blue: Improvisations in African American Poetry og Culture, 2004, University of Illinois Press, ISBN 0-252-02874-0
Stilmessig og kulturelt opphav
mini|«Going to Move to Alabama» framført av Charlie Patton i 1930. mini|Tradisjonell spiritual framført av Blind Willie Johnson (vokal og gitar) og Willie B. Harris (vokal) i 1927 er eit døme på det nære tilhøvet mellom gospel og blues.
Det er nokre eigenskapar som kjenneteiknar all blues, fordi sjangeren har tatt form frå spesifikke individuelle framføringar.Southern, pg. 333 Det er derimot nokre kjenneteikn som alt eksisterte lenge før moderne blues vart danna. Ei tidleg form for bluesliknande musikk var såkalla call-and-response-rop, som var ein vokalstil utan harmoniar eller ein spesiell musikalsk struktur.Garofalo, s. 44 Ei form av denne forgjengaren til blues kunne ein høyre på slavemarkene der slavane sine musikalske skrik og rop utvikla seg til enkle solosongar med mykje kjensler.Ferris, s. 229 Ein kan sjå på blues, som vi kjenner han i dag, som basert på både europeisk harmonistruktur og den afrikanske «call-and-response»-tradisjonen, omforma til eit samspel mellom stemme og gitar.Morales, s. 276 Morales gjev John Storm Roberts æra for dette i Black Music of Two Worlds
Mange blueselement, som call-and-response-formatet og bruken av blåtonar, kan sporast tilbake til afrikansk musikk. Diddleybogen var eit heimelaga instrument med ein streng som dukka opp i dei amerikanske Sørstatane tidleg på 1900-talet og banjoen er eit afrikanskbasert instrument som kan ha vore med på å overføre afrikanske musikkteknikkar inn i tidleg blues. Blues tok seinare til seg element frå «Ethiopian airs», minstrelshow og negro spirituals, inkludert instrumental- og harmoniakkompagnement. Stilen var òg nært knytt til ragtime, som utvikla seg samstundes, men blues bevarte i større grad melodimønsteret i afrikansk musikk.Schuller, sitert i Garofalo, s. 27 Bluesforma i seg sjølv har ikkje noko likskap til melodistilen i vestafrikanske griotar og påverknaden er berre svak og utydeleg.Nothing But the Blues: The Music and the Musicians av Lawrence Cohn, Mary Katherine Aldin , Bruce Bastin - Abbeville Press. 1993. ISBN 1-55859-271-7 s. 25 Ein kan ikkje finne ein spesifikk afrikansk musikkform som kan knytast som ein direkte forgjengar for blues.The Curious Listener's Guide to the Blues. Barbara Vierwo, Andy Trudeau. Stone Press ISBn 0-399-53072-X s. 15
Bluessongar frå denne perioden, som Lead Belly sine eller Henry Thomas sine innspelingar viser mange forskjellige strukturar. 12-takts- og 8-taktsblues, eller 16-taktsblues basert på tonika (I), subdominante (IV) og dominante (V) akkordar var dei vanlegaste formene.Garofalo, s. 46–47 Det som i dag er kjend som ein standard 12-taktsblues er kjend gjennom munnleg overføring og notar som dukka opp i afroamerikanske samfunn i regionen langs nedre Mississippielva, i Beale Street i Memphis i Tennessee og av kvite artistar i New Orleans.
Den opphavlege tekstforma for blues var truleg ei enkel tekstlinje som vart repetert fire gonger. Det var først seinare at den noverande, mest vanlege strukturen med ei linje repetert ein gong, etterfølgd av ei linje med ein konklusjon, vart standard.Ferris, s. 230 To av dei første utgjevne bluessongane, «Dallas Blues» (1912) og «St. Louis Blues» (1914) hadde begge linjer som vart repetert to gonger, etterfølgd av «svaret» på ei linje, over 12 taktar. W.C. Handy skreiv at han starta å gjere det på denne måten for at det ikkje skulle verte for monotont med ei linje repetert tre gonger.Father of the Blues: An Autobiography av W.C. Handy, redigert av Arna Bontemps: forord av Abbe Niles. Macmillan Company, New York; (1941) s 143 Desse linjene vart ofte meir framført som rytmisk snakking enn til ein melodi. Tidleg blues hadde ofte ei laus forteljande form. Songaren song ofte om personleg smerte på grunn av ei hard verd, som tapt kjærleik, vonde politifolk, undertrykking frå kvite folk, og generelt harde tider.Ewen, s. 142–143
Mange av dei tidlegaste bluesartistane, som Son House og Skip James, hadde fleire religiøse songar eller spirituals i repertoaret sitt. Reverend Gary Davis og Blind Willie Johnson er døme på artistar som ofte vart kategorisert som bluesartistar, men som ut frå tekstane heilt klart høyrer til spirituals.
Sjølv om blues vart assosiert med elende og undertrykking, kunne blues òg vere fylt med humor og råskap:
«Rebecca, Rebecca, get your big legs off of me, Rebecca, Rebecca, get your big legs off of me, It may be sending you baby, but it's worrying the hell out of me.»
Frå Big Joe Turner sin «Rebecca», ei samling av tradisjonelle bluestekstar.
Hokumblues nytta både komiske tekstar og ein larmande og farseaktig framføring. Tampa Red sin klassikar «Tight Like That» er eit slu ordspel med doble tydingar der det å vere «tight» («tett») med nokon òg hadde ei meir seksuell tyding. Tekstinnhaldet i musikken vart noko enklare i etterkrigstida der fokuset nesten alltid var på songaren sine ulukkelege forhold eller seksuelle uro. Tema som var vanlege i førkrigstida var økonomisk depresjon, jordbruk, demonar, gambling, magi, flaum- og tørkeperiodar, og desse vart langt mindre vanleg i blues i etterkrigstida.
Musikalsk stil mini|Døme på Detroit-blues mini|Døme på Chicago-blues
Dei første tiåra av 1900-talet var ikkje akkordprogresjonen i bluesmusikken klart definert. Det var mange bluessongar i 8-taktsform, som «How Long Blues», «Trouble in Mind» og Big Bill Broonzy sin «Key to the Highway». Andre, uvanlege takttal dukka òg stundom opp, som 9-taktsbluesen i Howlin' Wolf sin «Sitting on Top of the World». Den grunnleggande 12-taktsbluesen består av ein standard harmonisk progresjon på 12 takter i 4/4 takt (eller meir sjeldan 2/4). Slow blues vert ofte spelt i 12/8 (4 taktslag per takt med 3 underavdelingar per taktslag), altså 4/4-takt med triolar.
I 1930-åra hadde 12-taktsblues vorte standard. Det fanst òg 16-taktsblues som i Ray Charles sin instrumentale «Sweet 16 Bars» og i Herbie Hancock sin «Watermelon Man». Bluesakkordar som vert nytta i 12-taktsblues er vanlegvis tre forskjellige akkordar spelt over tolv taktar:
I I eller IV I I7 IV IV I I7 V IV I I eller V
der romartala viser til trinna i progresjonen. Det vil sei at om han vart spelt i tonaliteten C, så ville akkordane vorte:
C C eller F C C F F C C G F C C eller G
(Når IV-akkorden vert spelt i takt 2, så vert bluesen kalla ein «Quick-Change»-blues («rask endring»)).
I dette dømet er C tonikum og F er subdominant. Mykje av tida vert nokre eller alle desse akkordane spelt som septimakkordar. Ofte er den siste akkorden den dominante (V eller i dette tilfelle G) turnaround («snu rundt») som dannar overgangen til byrjinga for den neste progresjonen.
Bruken av septimakkordar er vanleg i blues og vert ofte kalla «blues seven». Med eit forhold på 7:4 er han ikkje nær noko intervall, verken i moll eller dur, i den vanlege vestlege diatoniske skalaen.
mini|350px|Ein pentatonisk skala i moll
Tekstane endar vanlegvis på det siste slaget i den tiande takten eller på det første slaget i den ellevte takten og dei to siste taktane vert nytta som ein pause. Harmonien i denne totaktspausen, den såkalla turnaround, kan vere ekstremt komplisert og stundom av heilt enkle tonar utan akkordar. Det siste slaget er derimot nesten alltid den dominante septimakkorden (V7) for å skape spenning før det neste verset.
mini|venstre|Notar frå «St. Louis Blues» (1914)
Melodisk er blues markert med bruken av ein forminska ters, ein tritonus og ein septim (dei såkalla blåtonane) i durskalen.Ewen, s. 143 Desse skalatonane kan erstatte dei naturlege skalatonane eller leggast til skalaen, som er tilfelle i den pentatoniske bluesskalaen i moll, der ein forminska ters erstattar den naturlege tersen, ein forminska septim erstattar den naturlege septimen og ein forminska kvint er lagt til mellom den naturlege kvarten og den naturlege kvinten. Sjølv om 12-takts harmonisk progresjon hadde vorte nytta i fleire hundreår var det revolusjonerande med blues bruken av den forminska tersen, den forminska septimen og sjølv den forminska kvinten i melodien.
Historie Opphav mini|Okahumkee på Ocklawaha. Bilete frå 1890-åra av ein turistbåt i Florida med svarte musikarar som spelar gitar Blues har utvikla seg frå den vokal musikken utan akkompagnement og dei munnlege tradisjonane til afroamerikanske slavar (importert frå Vest-Afrika, hovudsakleg Mali, Senegal, Gambia og Ghana)The rough guide to African Blues CD-hefte og svarte bønder til mange forskjellige stilar og undersjangrar med variasjonar frå region til region i USA og seinare òg Europa og Afrika. Dei musikalske formene og stilane til det som i dag vert rekna som «blues» og moderne countrymusikk, oppstod i dei same regionane på 1800-talet i det sørlege USA. Innspelingar med blues og country går heilt tilbake til 1920-åra då plateindustrien utvikla seg og danna marknadskategoriar kalla «rasemusikk» og «hillbillymusikk» for å selje musikk av svarte for svarte og av kvite for kvite.
På denne tida vart det ikkje noko klårt musikalsk skilje mellom blues og country, bortsett frå etnisiteten til dei som spelte musikken, og sjølv dette vart ikkje godt dokumentert av plateselskapa.Garofalo, s. 44–47 Studiar har vist at opphavet til negro spirituals oppstod då slavane høyrte dei sørlege kvite sine salmar og forma sine eigne tonar frå salmane til metodisten John Wesley, som predikantar på 1800-talet tok med seg, og seinare skotsk-irsk musikk. Den afroamerikanske økonomen og historikaren Thomas Sowell skriv òg at tidlegare svarte slavar til ein viss grad vart påverka av kulturen til sine skots-irske naboar. Studiane viser derimot òg at mange sider av blues-uttrykket kjem frå afroamerikansk kultur.
Ein kjenner ikkje heilt til dei sosiale og økonomiske årsakene til at blues oppstod.Philip V. Bohlman, "Immigrant, folk and regional music in the twentieth century", i The Cambridge History of American Music, red. David Nicholls, 1999, Cambridge University Press, ISBN 0-521-45429-8, s. 285 Første gong blues oppstod er heller ikkje noko ein veit sikkert og starten vert ofte datert til mellom 1870 og 1900, ein periode som skjedde samstundes med frigjering og seinare utviklinga av så kalla juke joints der svarte gjekk for å høyre på musikk, danse og ofte gamble etter ein dag med hardt arbeid, og overgangen frå slaveri til forpakting, småskala jordbruksproduksjon og utbygginga av jernbanane i det sørlege USA.